fredag 13. april 2012

Gjennom ukjende gater i Cordoba


Besøket i La Mezquita var over og vi vandra ut gjennom porten til det yrande livet i gatene utanfor. Bak oss, inne bak murane låg den store opne plassen med sine store tre. Men vi svinga inn i dei tronge gatene bak den gamle bymuren. Velstelte hus med små butikkar, og oppover husveggane potteplanter på rekkje og rad. Bak oss opna det seg  av og til eit glimt av moskeen sin minaret, som no er klokketårn for katedralen.
Det løner seg å ha med gatekart når ein er i framande byar, men eg har så god tru på mi eiga orienteringsevne, at kart er det skjeldan eg får med meg. Og då endar eg som regel der eg ikkje var tenkt meg. Det var det gamle jødiske kvarteret vi ville vitje, og kanskje kom vi dit. Eg trur det, men veit det ikkje. Men i alle fall kom vi inn i stille gater. Borte var turistflaumen. Etter ein del kroking inne i gatene stod vi framfor ein port i den gamle romerske bymuren, og då var det berre å vandre igjennom. På andre sida var det laga til ein flott gangveg langs muren, med rennande vatn i stor damar,  nedover mot plassen ved moskeen.
Vi fylgde den, og ved neste port gjekk vi atter inn i dei tronge gaten innanfor. Inn til turiststraum, små butikkar og kafear. Det var her den gamle synagoga som den store jødiske tenkjaren Maimonides høyrde til i, skulle ligge. Vi fann den ikkje. Seinare fekk vi høyre at denne dagen var den stengd.
Men alt har ein ende. Tida for å vandre attende over elva på den gamle romerske brua kom. Bak oss låg den store moskeen og dei smale gatene bak bymuren. Og medan sola nærma seg horisonten i vest tok bussen oss attende over sletta og fjella, ned til kysten ved det blå havet. Og då bussen rulla vestover lans kysten, vart sola borte bak fjella i vest. Ein dag i Cordoba var lagt i minna si bok.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar