lørdag 28. april 2012

Bittert vatn. Alpujarras

Oppover går det . Opp og opp. I sving etter sving, opp den bratte lia. Så er vi oppe i Capileira på 1436 m o.h.  Her er det ikkje fleire landsbyar over oss opp mot det snøkvite snaufjellet med toppar på over 3000 m. Eit ettertrakte fotturterreng.  Men vi skal ikkje på fottur i fjellet. Vi skal vitje ei fuente, ei vasskjelde lenger framme i lia.
Det er eit grøderikt landskap, om jordflekkane på dei oppmura terassene er små.  Mange slags frukt vert dyrka her, noko vi fekk sjå ein morgon på ferskvaremarkedet i Malaga. Der bugna det av alle slags frukter, dei fleste ukjende for meg.
Der står eit lite kapell ved kjelda.  Ei trapp fører ned til den. Eit skilt på kapellveggen viser veg. Fuente Agria står det. Agria tyder bittert. Og kjelda vert nytta, då vatnet skal ha mange gode eigenskapar.
Gjennom eit lite kikhol i døra får eg eit glimt inn i kyrkjeromet. Enkelt og vakkert.
Vatnet frå kjelda renn under vegen og ned gjennom krattskogen i lia. Ein gangsti fører ned den bratte lia. Ned til eit lite dalsøkk lenger nede. Inst inne i dalsøkket fell vatnet i liten foss utfor kanten ovanfor, og renn så vidare nedover lia. Her nede er det mest som å stå midt i ein tett jungel av høge tre, og med denne underlege gulbrune bekken i botnen.
Mi kjære, saman med andre, tek med seg smaksprøver av vatnet. Det smakar litt bittert, som mineralvatn. Ikkje heilt i min smak, men det skal vere godt for helsa på grunn av alle minerala det inneheld.
Men om det ikkje er det beste eg har smakt, så er det fargesterkt. Eg tek fingrane ned i botnslammet, og får dei fulle av eit gult stoff. Det er vel dei grøderike og mineralrike  jordpartiklane i vatnet som har lagt seg att som botnslam. Og den fargen var det ikkje enkelt å få bort.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar