onsdag 25. april 2012

Alpujarras

Alpujarras? Kva er det? Eg hadde undra meg over det sidan eg såg det stod på reiseruta. Etter det medsende kartet skjøna eg at det var inne i Sierra Nevada fjella. Men eg greidde ikkje å knyte noko som helst til namnet. Det skulle endre seg gjennom denne dagen. Den femte av vår tur gjennom Andalusia.

Bussen tok oss austover kysten, Forbi Malaga og Nerja, og vidare austover til motorvegen enda. Der svinga bussen av inn mellom fjella gjennom ei trang fjellkløft. Lenger inne køyrer vi forbi eit stort, oppdemt vassreservoar. Vi er inne i Poquiradalen. Så ligg byen Orgiva der, oppe i lia, provinshovedstaden i området. Vi køyrer rett igjennom og opp i fjellet. Vi skal opp 1000m til, opp til tre kvite byar lenger inne mellom fjella. Pampaneira, Bubion og Capileira, som den høgstliggande av dei tre. Øvst oppe i fjellsida, 1436 m.o.h.
Byen klatrar på smale og svingete vegar oppover fjellsida. Dette er eit grøderikt område, men den bratte lia gjer at dyrkamarka er berre små teigar her og der. Små flat-taka, kvite hus ligg og somme stadar og klamrar seg fast, med ein liten hage rundt.
På denne turen har eg lært mykje om dei siste åra for islam sitt fotfeste på den iberiske halvøya, noko som har kome fram i det eg har skrive i samband med vitjingane i Sevilla, Cordoba og Granada. Men her fekk eg høyre om siste akt i dramaet.
Det var i fjella her den siste Granada-emiren fekk eit tilhald før han drog over havet mot sør. Men før han overlet Granada, vart det gjort ei avtale, der muslimar og jødar vart sikra rett til fri utøving av si tru. Men sigerherrane byrja snart å ville konvertere jødane og muslimane over til kristen tru.  Det gjekk ikkje så lett, og jødane vart snart forviste ut av riket. Men mange muslimane søkte inn i fjella her etter som trykket auka.  Det kom til fleire opprør, og dei kristne prøvde på ulike måtar å slå ned opprøra.
Men etter at eit opprør i 1568 var slått ned, vart muslimane forviste frå området. Med unntak av to familer i kvar landsby, som skulle vere at for å lære opp dei nye kristne innbyggarane i den lokale jordbruksmetodane,
Då vi i fjor gjekk gjennom provinsen Palencia (i nord) kom vi til ein landsby som heiter Moratinos. Der var dei første innbyggarane truleg tvangsflytta muslimar.
Men etter eit nytt opprør i 1609 vart muslimane landsforviste.
Og dei har vore borte heilt til vår tid. Men på vår rundtur i Andalusia såg eg mange nybygde moskear, så no må her vere mange nye muslimske innbyggarar.

Tilslutt dukkar dei tre landsbyane som målet vårt opp over oss. På bilete her er det dei to øvste, Bubion og Capileira, vi ser mot dei kvite fjella i bakgrunnen Den nedste, Pampaneira, er gøymt lenger nede i lia.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar