tirsdag 10. april 2012

La Mezquita -moskeen

Leitar ein på Google etter bilete frå Cordoba, så er det eit motiv som dominerar, og det er frå søylehallane inne i La Mezquita, den store moske-katedralen. Etter ei tid med venting på gata utanfor, kom den lokale guiden og tok oss med inn.
Og kva var det første han ville syne oss. Eit hol i golvet. Ned til der som var der før moskeen. Ei kyrkje. Då det vart gjort utgravingar inne i moskeen kom dei ned på mosaikk-golvet i det som ein gong var ei visgotisk kyrkje. Men, presiserte han; dei mørke solbrillene som låg der nede, var ikkje visgotiske.
Så vandra vi inn i søyleskogen. Det som har vorte samanlikna med ein palmehage. Skapt i stein.
Og det er fagert, og forunderleg, å sjå inn mellom desse radene med søyler, romerske søyler, og med palmeblada i raud og kvit stein som spenne sin boge frå søyle til søyle, innover i det halvmørke moskeromet.
Ei undring stig opp i meg inne i denne skogen av søyler. Kva var først?
Ein moske bygd i fleire byggesteg over fleire hundreår. Oppe på det som var her før. Med sigerherren sin rett reiv dei ned, og gjenbrukte, det som tidlegare herrar hadde skapt. Fønikiarar, grekarar, romerar og visgotar. Muslimane bygde sitt gudshus, samstundes som dei nytta materiale og former frå det som var der før, til å skape sitt eige.
Men om det dei skaper er ei symbiose, ei samansmelting av det gamle og det nye, så er det nye som stig fram fagert. Fagert og forunderleg å sjå for meg, den moderne tids menneske i år 2012.


Det var Abd al-Rahman, den siste av Umayyad-dynastiet i Damaskus som starta bygginga av moskeen i 784. Han måtte røme Damaskus etter at dynastiet vart styrta i ein revolt. Mor hans var berberkvinne, og han flykte vestover til Al-Andalus. Her oppretta han han kalifatet i Cordoba med seg sjølv som den første kaliff.
Bøneretninga i ein moske er normalt mot Mekka, men her vender mihraben mot Damaskus. (eller er det mot sør?)
Då kong Fernando III  av Castilla og Leon sine tropper i 1236 erobra byen, let han moskeen stå urørd. Noko ein skal vere takksam for. Ellers kunne ein ikkje fått den gleda det er å vandre gjennom den.
Men han gjorde eit unntak. Han let oppføre eit lite kristent kapell inne i moskeen.Og i dag er La Mezquita ingen muslimsk moske. Den er ein kristen katedral.
Men med vår tid si auka muslimsk innvandring til Spania, så har og kravet om at den på ny skal verte ein moske, vorte eit aktuelt stridsspørsmål.  Så langt har både Spania og den romersk-katolske kyrkja avslått det kravet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar