lørdag 21. april 2012

Raud saft.

For ein som vaks opp i eit miljø der sterk drykk var forbunde med noko negativt som ein skulle halde seg på sikker avstand frå, var det å byrje reise til sydlegare landskap der slik drykk var normalen, ein stor mental overgang.
Det var ikkje te, kaffe eller eller farga brusevatn som kom på bordet til maten, men det som eg sjølv i mi tid som ungdomsklubbleiar hadde åtvara så sterk imot. Raud saft med alkohol i.
Det er i slike høve ein må ta sine tilvande haldningar opp til ny vurdering , og kanskje til revisjon.
For eg har etter kvart skjøna at eg kan ikkje forvente å få få Solo eller Sylte si appelsinbrus (sjølv om eg nok framleis hadde valgt det om eg hadde høve til det) på bordet i dei før nemnde sydlegare egne.


Eg har nokre gongar fått høve til å vitje ein vingard. Slik også på denne turen til Andalusia. Men ulikt dei andre eg har vore på, dreiv desse ei heilt gjennomførd økologisk drift på sine 40 mål med vinstokkar.
Vi fekk ein grundig gjennomgang i heile prosessen frå vindrua vart plukka, til vinen vart tappa over frå fat til flaske. Også om kva type eik som vart nytta i fata, det har mykje å sei for smak og aroma. Og sidan det ikkje vart nytta kjemikalier i produksjon, gav heller ikkje vinen ein for meg erfart etterverknad, som hovudverk. (vart det fortalt)


På slike vitjingar får vi alltid høve til å smake på den raude safta deira. Slik også denne gongen.
Men denne gongen vart det ikkje meir enn å smake. Ikkje som ein gong i Italia der vi også fekk høvet. Då var det ein som forkynte at her var alt gratis, så no gjaldt det å nytte høvet. Det var til slutt ikkje ein dråpe att nær han.
Her stod det tre glas til kvar. Eit av kvar type dei produserte. Og så fekk vi fortalt litt om kvar type, og kva slags måltid og mat dei høvde til.


Til slutt fekk vi fortalt at ein av desse hadde vunne ein europeisk vinpris, med spørsmål om kva for ein vi meinte det var. Som før nemnt så kan eg ikkje rekne meg som ein kjennar av denne type drykk, sjølv om eg har lært meg å høfleg takke ja når den vert servert. Men alle tre sortane var drikkande. Sjølv likte eg den mørkast raude druesafta best. Den var fyldigare på smak enn dei andre to. At den og hadde høgst alkoholprosent, nemner eg ikkje.
At eg likevel venta litt med å gi mi stemme, til dei andre hadde synt sitt val, og då lyfte glaset med den svakaste safta, var nok helst fordi taparen og skulle få nokre røyster.
Mi kjære såg litt undrande på meg då. Meinte du det? spurde ho. Ho fekk berre eit lite smil til svar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar