mandag 23. april 2012

Dans


Det er kveld der vi går gjennom gatene.  I ei gate går det ein korridor inn i ei bygning. Litt lenger inne svingar den og fører oss ned ei trapp til eit lavlofta og halvmørkt kjellerlokale.
I eine enden er der ei plattform med eit vindauge og eit par stolar som einaste dekorasjon.. Kanskje skal det ligne ein kveld i ei stille gate.
Lokalet er på det næraste fullt. Tett i tett sit der folk. Vi vert førde heilt fram til plattforma der det står nokre tome, og ikkje alt for gode stolar og ventar på oss.

Etter ei stund blir lyset i lokalet sløkt. Berre plattforma er opplyst. Eit par gitaristar kjem inn og finn seg plass. Så kjem to til inn og vert ståande på kvar si side. Frå gitarane kjem nokre forsiktige tonar, før ei fengande rytme stemmer opp, og dei to ståande fell inn med song og klapping.
Showet er igang. Framfor oss ligg ein god time med Andalusia si særeigne musikkform, flamenco.
Dansarane kjem inn, og så skifter det i sang, gitarsolo, kastanjettar, rymisk stepping, humor, glede, elskhug og sorg. I fargerike og skiftande kostymer. Frå dansargruppa i samdans, til ein, to eller tre saman.
Så er det over. Salen tømer seg ut i nattestille gater. Klokka nærmar seg midnatt.
Det tek litt tid utover natta før flamencorytmene i meg stilnar av og svevnen kjem.
Utanfor siglar fullmånen si stille ferd gjennom natta, over himmelkvelven mot vest, og ei ny dagrenning i aust. Medan bylgjer bryt mot sanden på stranda ved det djupt blåsvarte havet der månen teiknar si lysande gule stripe mot land.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar