tirsdag 3. april 2012

Mot Cordoba

"Kva er det der?", sa mi kjære. Ho hadde vindaugsplass på flyet, og når skyene opna seg over Spania, byrja ho å strekke hals for å sjå på det som var under oss. Eg måtte strekke meg bort for å sjå det ho såg.


Eit stort lappeteppe av ruter strekte seg ut der nede , og kvar rute var oppdelt i paralelle strekar. Eit slags tre var planta ut , men eg kunne ikkje gi henne svaret på kva det var. Det dekte alt vi kunne sjå, utanom nokre få hus og landsbyar som lyste kvite i kveldssola.
Men då vi,  på veg mot Cordoba, kom over Sierra Nevada fjella og ned på sletta att, fekk vi sjå kva det var. Overalt utanfor vegen stod dei i jamne rader, bortover heile sletta, opp over åsar og fjell. Berre dei brattaste skrentane og der landsbyane låg mangla dei, oliventrea.
Og vi fekk høyre historia om godseigarane som eig dette. Det er berre nokre få av dei, men dei har fine adelstitlar i rad og rekkje, og dei bur ikkje her. Håvar berre inn inntektene av eigdomane sine. Ei av dei er hertuginna av Alba, Maria del Rosario Cayetana Fitz-James-Stuart y Silva. Ho er kjend frå media på grunn av sine mange ansiktslyftningar, og fordi ho i fjor, 85 år gamal, gifta seg med ein på 61 år, etter mykje motstand frå familien. Ho måtte først skrive frå seg eigedomane, men fekk ha sine titlar, og det kan det og vere mykje rikdom og ære i.


Så godt enda det ikkje for eit anna par, langt attende i soga. Ho kristen og han muslim. Dei møttest i løynd  ved foten av dette fjellet, men då det vart oppdaga og kjendt, såg dei inga anna løysing enn å klatre opp på det. Der tok dei kvarandre i hendene og hoppa utfor. Kjærleiksfjellet er det kalla.
Det slapp hertuginna av Alba, Kongen gav henne til slutt lov til gifte seg med sin kjære.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar