mandag 2. april 2012

Fisk?

Å gå på restaurant i framande land kan vere ei stor utfordring for ein som under oppveksten var ekstremt kresen på kva som kom innanfor tennene. Det er vanlegvis ikkje mors kjøtkaker ein finn på menyen der. Og når det i tillegg er skriven på eit språk som gjer det vanskeleg å tyde kva ein har å velge mellom, då kan eg framleis kjenne på ei gryande uro for kva eg får på matfatet. No må det leggast til at kone, tre døtre og seks tiår med dyrkjøpt erfaring har lært meg at det meste (om ikkje alt) er etande. Og med ein eldre bror som et det meste, så har eg og, rett ofte i seinare år, våga meg ut på matdjupet. Og det har stort sett gått bra, sjølv om Linda Eide si prøvesmaking av tran i eit TV-program for nokre månader sidan, gav meg brekningskjensler i dagar etterpå.

Så sit vi ein kveld ved bordet på ein fiskerestaurant ved stranda i Torremolinos. Det har eg sett på hotellet vi bur på og andre stader, at fisk er ingen uvanleg rett i Spania. Likevel er eg spent på kva som kjem, for av det eg tidlegare har prøvt av fiskerettar her, så har eg opplevd at etande er det, men det kan også setje mine smaksløkar på ei lita prøve.
Men det er ikkje fisk som er det første som kjem på bordet, men noko som har vore mi store utfordring etter pilegrimsvegen lenger nord i landet. Eit stort fat med grøn salat. Eg er ein stor elskar av grøn salat når mi kjære lagar den til, men denne spanske avarten med egg og tunfisk og ditt og datt. Den kan ofte verte i meste laget for min gane. Men ned skal det. Eg er då ein høfleg gjest som et opp maten. Men som så ofte før kjenner eg at forretten, salaten, fyller godt opp nedanfor bringa.
Kelnaren er snar med å plukke ut tome fat, og kjem attende med hovedretten. Fisken. 4 til 5 små og eit par større mortar. Sardinar seiest det ved bordet. Pluss mengder med noko ubestemmeleg frityrsteikt, og nokre kvite makkar med to svarte auge i eine enden. Grønsaker? Poteter? Ingen, men ein kvart sitron låg ved.
Kor det smakte?
Fisken smakte steikt fisk, det frityrte og dei kvite ingenting.

Men kva var det eg hadde ete?
Var det blekksprut?
På hotellet hadde eg prøvt noko eg trudde var ein slags smultring, men som hadde vist seg å vere frityrsteikt blekksprut.
På mitt spørsmål svara kelnaren; calamar (altså blekksprut), og noko eg ikkje fekk med meg.
Ingen av dei andre ved bordet visste kva det var, så eg enda med å tru det var krill.  Krill er eit slags krepsdyr. Som ei lita reke. Men var det det?


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar