lørdag 14. april 2012

Mujader

Mujader eller mozarabisk. Eg møtte uttrykket langs pilegrimsvegen oppe i nord. Guideboka eg hadde kjøpt meg, og som fortalde meg om det som var verdt å sjå i byane og landsbyane eg gjekk gjennom, nytta ofte ordet mozarabisk når det vart fortalt om bygningar, eller bygningsdetaljar og kyrkjekunst. Her i sør har det vore ordet mujader eg har høyrt.
Og kva er det? Det står for ein stilart som ein ser mange stadar her, men som ein og finn i andre spansk / portugisiske områda i verda, og i nokre muslimske land.
Medan bussen rullar sørover frå Cordoba, vert eg sitjande og fundere over denne stilen, og korleis den kom til. Var den her før berberane og araberane kryssa stredet, eller tok dei den med seg?
Eg kan ikkje sjå at den har røter i det arabiske ørkenfolket, men den kan ha sine røter i den kristne bysantiske og jødiske midt-austenkulturen som dei muslimske araberane erobra, som Syria, Palestina og Mesopotamia. Kom den hit med dei og vart utvikla vidare etter at det muslimske herredømet var over? Gjennom den arven dei let etter seg til sine kristne etterfylgjarar? Det kom ei utvikling i stilen utover 1500-1600-talet til det uttrykket den har idag.

I dag kan vi sjå den i mange spanske byar.  På heile bygningar som dette huset frå 1920-talet i Sevilla. Bygt til den amerikansk-iberiske verdsutstillinga der.
 Eller som på dette gamle inngangspartiet til den store moskeen i Cordoba, byggt på 800-talet.
Men og i nyare bygningsdetaljar som på dette huset Cordoba.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar