fredag 20. april 2012

Alhambra. Generalife

Generalife var emirane sitt sommarpalass. Det ligg på åskanten, ut mot det gamle Granada i dalen nedanfor. Det var i  emirane si tid forbunde med festninga ved ei gangbru over det vesle dalsøkket som skil dei to.
Framme på åskanten over Granada reiser bygningane i Generalife seg, men elles er det ein stor park med blomar, tre, fontener og basseng.


Våren var på gang då vi var der. Vårblomane var planta ut, og dei gav oss ein liten forsmak på korleis det ville sjå ut når alle blomane ville stå i full blomst.
Det går mot kveld når bussen vår køyrer ut av Granada, sørover mot kysten.


Etter mange år der byen var omringa av dei katolske regentane Ferdinand og Isabella sine tropper, gav den siste emiren Muhammad opp i 1492. 29.januar gav han nøklane til Ferdinand og reid bort.
Det er fortalt at då han kom så langt at han kunne sjå Alhambra for siste gong, snudde han hesten. Og medan han såg attende på Alhambra, brast han i gråt. Då er det mor hans seier til han; Du gret som ei kvinne for det du ikkje makta å forsvare som ein mann.
Muhammad fekk seg eit område til å styre oppe i fjella i sør, men ikkje mange åra etter drog han over havet til Marokko.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar