torsdag 12. april 2012

La Mezquita - katedralen

Det vesle kapellet vaks etter kvart til ei stor kyrkje, ruvande høgt over det flate taket i moskeen.Eg er inne i palmeskogen. Beundrar den vakre dekorerte veggen ved opninga som viser den muslimske bøneretninga. Men kvar endar moskeen og kvar byrjar kyrkja? Kan eg i det heile tenkje slik? I dag er då La mezquita  ei kyrkje og ikkje ein moske. Men likevel.

Framfor meg, litt bortenfor bønenisjen, reiser det seg ein vakker dekorert vegg, og oppe på veggen heng der eit krusifiks. Bortanfor veggen lyfter taket seg opp mot ein kvelv høgt oppe. Bak veggen er dekorasjonane  annleis. Borte er palmeskogen, her er det gotikken som pregar romet.
Høgt oppe under kvelven er der fleire vindauge , og inn gjennom dei fløymer lyset frå dagen utanfor, og fyller romet.

Inne i det som var ein muslimsk moske, bygd over det som var ei kristen kyrkje, reiste det seg igjen ei  kristen kyrkje, ein katedral til Guds ære. Vakre rom med alt det som høyrer ein gotisk kristen katedral til.
Brått vert eg var sigerherren sitt merke bak ei søyle inne i koret. Ein kvit skulptur som ordlaust fortel meg;
"No er det vi som er herrar. Vi knuste og dreiv ut dei vantruande. Vi har teke over dette gudshuset. No er det vår Gud som skal tenast her!"

Det er min gamle kjenning frå pilegrimsvegen, Jakob, som prydar veggen inne i koret. Men her er det ikkje den fredfulle pilegrimen Jakob eg ser, men Jakob maurardreparen. Som fremst i fylkinga, med lyfta sverd, rid på sin kvite hest. Og under hesten sine hovar ligg det falne muslimar, dei om tapte.  Eg undrar meg og kjenner at eg ikkje likar det eg ser.  Det støyter meg i mi tru, men slik var vel tida, og trua, då dette bygget vart reist. Sigerherren skulle markere sin siger over den som tapte, og slik er det kanskje idag og. Det er sigerherren som skriv historia.


Eg  forlet katedralen og vandrar gjennom palmeskogen av søyler mot dagen der ute.
I det eg er i ferd med å gå ut teiknar sola sine strålar gjennom farga glas oppe på sørveggen, eit fargespel på marmorgolvet eg går på.
Då dukkar tanken opp. at slik er La Mezquita.  Eit bygg med kontrastar. Moske og katedral, dunkle og lyse rom, muslimsk mosaikk og europeisk gotikk. Ein fargerik palett.
Eg forlet det dunkle søyleromet og går ut i det skarpe sollyset på plassen utanfor, til dei skuggefulle trea og det rennande vatnet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar