Det ligg to kapell på plassen. Kvifor dei er bygde her får eg ikkje svar på.
Her er det berre bratte liene rundt, og landsbyane ligg ikkje så langt undan? Begge kapella er stengde, men der er eit lite vindauge i dørene inn til roma innanfor.
Då vi skal til å køyre vidare, ropar Marta på meg. Ho har tidlegare budd i Israel. Kom å sjå, seier ho, Her står eit lite fikentre, og det er rett før knoppane sprett.
Og rett bortanfor kapellet, nedfor muren, står der eit lite skot av eit tre. Ei tynn stamme med to greiner oppe under toppen, og med tre bristeferdige knoppar. Eg tykkjer det liknar eit skot av lønnetra som det har vorte så mange av i mine heimeskogar, så eg spør opp att om det verkeleg er eit fikentre, og får bekreftande svar. Men meir vert det ikkje, for no ropar ektemannen på henne at ho må kome. Bussen ventar.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar