onsdag 4. april 2012

Cordoba

Etter at dei muslimske berberane frå Nord-Afrika knuste dei visgotiske rika på den spanske halvøya i 711, kom  ein arabisk prins, den siste overlevande av Umayyad-dynastiet i Damaskus, til al-Andalus, og han oppretta eit kalifat i Cordoba i 756. Nokre hundreår seinare gjekk det som det brukar å gå med store rike. Det vert indre strid. Kalifatet går under. I staden kjem eit emirat som varer fram til dei kristne erobrar byen på 1200-talet.
Men i ei periode under kalifatet var Cordoba namngjeten som eit kulturelt senter i Europa, med til tider, stor toleranse til ikkje muslimar. Som jødar og kristne.


Bussen stansar. Eg går ut døra og står på  bredden av elva Guadalquivir. Same elva som renn gjennom Sevilla lenger vest, ut mot Atlanterhavet.
Framfor på elvebredden ligg eit gamalt maurisk citadell som vakta inngongen til byen, og bortanfor det igjen, ligg den gamle romerske brua som kryssar elva over til den andre sida. Til det gamle Cordoba  der katedralen lyfter seg over den gamle moskeen.
Nokre få timar får vi der borte, endå der er mykje eg gjerne skulle sett, som eg har drøymt om å oppleve.

Vel over brua ligg ein gamal romersk byport, Puerto del Puente, og lenger oppe i bakken står ei stor søyle med ein skikkelse på toppen. Men ikkje noko menneske har fått æra av å står der. Det er byen sin skytsengel, erkeengelen Rafael. Vi møtte han allereide då vi gjekk over brua, og han har fått plass fleire andre stadar i byen.
Rett bak Rafael-søyla kjem vi inn under murane av den store og vidkjende moskeen i Cordoba, La Mezquita. Ein byrja bygginga i 780. Den gjekk føre seg i 4 etapper, og vart avslutta litt før år 1000.
Då Ferdinand III erobra byen, valde han å la moskeen stå slik han var. men let vigsle eit lite kapell inne i bygninga.

Cordoba sitt våpenskjolde har Castilla og Leon sine fargar og symbol. Ein arv frå Ferdinando III som tok byen frå den siste muslimske emir.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar