tirsdag 17. april 2012

Granada

For eit par år sidan kom eg med buss sørover frå Madrid. Etter slettelandet lenger nord, køyrde vi gjennom nokre forrevne fjelldalar og ut på på ei ny slette. Ein by dukka opp. Det var Granada, fekk eg høyre. Kva forbatt eg med Granada? Ei maurisk festning som var vide kjend. Alhambra. Medan bussen køyrde gjennom byen, strekte eg hals for å få eit glimt av den. Så kom bussen ut på slettelandet igjen. Hadde eg fått auge på den ? Nei, det kunne eg ikkje sei.
Så er åra gått. Eg har, saman med vandrarfelagane mine, kome nokre mil nærare Santiago de Compostela.
Men denne dagen er eg attende i Granada.
I aust lyfter snøkvite fjelltoppar seg, og under meg breier ein stor by seg utover slettelandet.
Granada. No veit eg meir om den. Det var residensby for den siste emiren, og hans vesle emirat. Rundt byen låg i fleire år troppene til det regentparet som skulle verte dei første regentane i det nye riket, Spania. Ferdinand V av Castillia og Isabella av Aragon.
No skjønar eg kvifor eg ikkje såg Alhambra. Eg såg i feil retning, Eg såg mot byen på sletta, og ikkje opp mot åsryggen over byen.
Der ligg ho , den raude festninga, Alhambra. Ei av Spania sine største atraksjonar.

I januar 1492 var den katolske gjenerobringa av Spania fullførd. Den muslimske emiren til Granada, Muhammad XII gav bynøklane over i hendene på kong Ferdinand, og forlet sitt kjære Alhambra.   
                                                                                                          
Granada sitt byvåpen speglar denne hendinga. Vi ser dei to katolske monarkane øverst på seglet, Under ser vi festningstårnet på Alhambra, med eit vaiande spansk flagg. Ved sida av ei grein med eit granateple. Granateple på spansk er la granada. Emiren fekk styre eit område i fjella sør for Granada, men reiste ikkje lenge etter til Marokko.
Kva skjedde med det muslimske Granda etter erobringa. Den store moskeen vart jamna med jorda. I staden vart det reist ein stor katedral. Og festninga Alhambra fekk mange nye bygg gjennom århundra, men emiren sitt palass ber framleis eit sterkt preg frå den tid emiren rådde grunnen i det.
Idag har vi vore av dei heldige som har fått oss bilettar til palasset og skal få vitje det.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar