søndag 8. april 2012

Påskeaftan

Påskeaftan går mot natt. I Jerusalem for snart 200 år sidan er alt påskesabbaten over, og dei hadde gått inn i det andre døgnet av si påskefeiring.
Den krossfeste og døde Jesus frå Nasaret kvilte i ei lånt grav.
Peter har i eit av sine brev ei kryptisk melding om at Jesus i dette døgnet var i dødsriket for å forkynne for døde.
Kva som ligg i det utsegnet er det vel ingen som kan openberre for oss. Det er gøymt bak eit slør frå Gud.
Men om ikkje mange timane renn morgonsola opp i aust, og Menneskesonen bryt dødens makt og stig ut av grava si natt.
Eg har undrast på kva eg skulle ha som bilete til påskelaurdagen. Eg kunne valgt eit av dei mange Pieta (Jesu mor, smertenes mor,  med sin døde son ved brystet) som eg har teke bilete av på vandringa etter Jakobsvegen.
Men det vart noko anna. Ikkje noko likt likkledet i Torino, men likevel eit som høyrer grava og påskelaurdagen til. Menneskesonen som kviler i dødens fanmntak. For nokre få timar trudde døden sigeren var vunnen, men morgonen synte noko anna. Den kom med vona for oss alle. Alle som trur og tek imot namnet hans.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar