lørdag 31. mars 2012

Hogget. Ronda

Det er ikkje tyrefektararenaen som er den største grunnen til at Ronda er kjend. Det er hogget -el Tajo-. Det er ein liten spasertur frå tyrefektararenaen fram til kanten av hogget. Ei djup kløft som skil den gamle og den nye bydelen i Ronda. Omlag 120 loddrette meter på det djupaste.
Og det er vel denne kløfta som gjorde at Ronda vaks fram. Ei klippe omringa av ei halvsirkelforma kløft. Då trong ein berre forsvarsmur rundt halve  busettinga. Eit stykke nede i lia ser eg den nedre muren. Den andre er heilt oppe ved husa som balanserar på kanten av stupet.

Frå gamlebyen går der ein sti ned i botnen, Eg kunne tenkje meg den, men ikkje mi kjære, og då vart det ein roleg tur gjennom dei tronge gatene istaden.

Vi møtte mest lokalfolk, opptekne med sine daglege gjeremål. Ikkje så mange med kamera på magen, så vi var tydelegvis utanfor dei gatene dei ferdast i. Vi kom forbi ei kyrkje og brått dukke den gamle bymuren opp framfor oss. Det synte seg etterkvart at det var den lengst nede i lia. Førstelinjemuren. Vi vart samde om sjå kvar den leidde oss. Framfor oss dukka om litt kløfta opp, men vegane såg ikkje ut til å føre opp i byen att.Vi hadde med oss eit bykart, men var litt usikre på kvar vi var, og kvar vi skulle gå.  Der sat ein brunbarka mann i ei trapp. Vi helste og  prøvde på skrøpeleg spansk å få klarheit i kvar vi skulle gå for å kome opp att i byen.
Og han peika og forklarte utan at vi vart så mykje klokare. Men litt skjøna vi. Framfor oss, nede i kløfta, såg vi to bruer.

Den nedste, forklarte han, er den eldste. Det er romarbrua. Puente arabe, og ved sida av den ligg eit romarbad.
Den andre, lenger inne i kløfta, er gamlebrua, Puente Viejo, (frå 1616), og der skal de gå opp. Eg skjøna ikkje kvar vegen opp var, for eg kunne ikkje sjå noka opning ved kløfta, der det var råd å gå. Men vi takka pent for hjelpa, baud farvel, og heldt fram langs muren ned til romarbrua. Frå den og opp til gamlebrua gjekk der ei nedslita trapp, så nedslita at det knapt var noko att av trina.
Oppe ved gamlebrua kom vi inn bak den øvre muren, med byporten litt bortanfor. Men over på den andre sida av brua, opna det seg ein fint tillaga, hellelagt gangveg oppover på kanten av stupet, og med utbygde utsiktplassar med jamne mellomrom. 

Etter kvar som det vart for trongt i gamlebyen, vaks det fram ein ny bydel på den andre sida av kløfta, og då vaks trongen for ei ny bru fram. Over kløfta på det djupaste og smalaste.
Det er nybrua - Puente Nuevo- frå 1793. 40 år tok det å bygge den.
Hovedatraksjonen i Ronda. El Tajo og Puente Nuevo.
Der den reiser seg 120 meter opp frå botnen av hogget.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar