tirsdag 23. juni 2009

Zubiri 20.juni 2009

Det regna og bles då vi vakna i Roncesvalles, så vi kledde oss varmt og godt og i regnkle, då vi byrja å gå første etappa i Spania. 1o,5 km til Zubiri. Roncevalles ligg på 955 m, og løpet av dagen skal vi ned i 650 m.
No er vi ferdige med Via Podiensis i Frankrike, og startar på Camino Frances i Spania.


Ikkje langt frå Roncesvalles ligg Rolandskorset, til minne om Roland fall her i bakhaldet til baskerane.


Til lenger vest vi kom, bort frå Roncesvalles, til betre vart været.
Alt i Burguete var det mykje betre enn då vi starta.


Her nær fjella, var det eit kupert landskap rundt oss.


Nokre staute motbakkar møtte vi, sjølv om det gjekk nedover frå Roncesvalles til Zubiri.


For kvar motbakke, er det godt å nå toppen og endeleg få puste ut etter strevet.


Desverre hadde nokre kloke og velmeinande hovud funne ut at pilegrimar trong skikkelege vandringsvegar, og lagt betongdekke på vegane. Det vart hardt å gå på i lengda.


Særleg motbakkane med betongdekke tok på føtene.



I Espinal var det ein open butikk, så vi fekk proviantere litt.


I dalbotnen, før Gerendiain, rann det ei elv, og gjennom elva var det støypte byks.
Vi valde å gå over brua.
Men det kom eit par syklistar etter oss.
Dei prøvde å sykle gjennom vatnet. Det gjekk mindre bra.
Hjula glei på den våte betongen i elvebotnen, og overende gjekk dei så vatnet skvatt.



Ikkje alle klarer vandringa. Her døydde ein frå Japan på veg mot vest.


Landskapet endra seg til lenger vest vi kom.
Horisonten vart vidare.


Det var mange spanjolar med lette sekkar på vegen.
Dei kom raskt bak oss, gjekk forbi og vart borte.
Vi forstod etter kvart at det hadde vorte laurdag og fridag, og at det truleg var grunnen til alle som passerte oss i raskt tempo.
Dei nytta helga til ein liten vandringstur.


Det er fleire gamle steinbruer på vandringa. Denne er ved inngangen til Zubiri.


Vel framme i Zubiri, etter nokså hard nedstiging på ein steinete og bratt sti, visste det seg at her var allt fullt.
Var det alle snarføtte spanjolar som hadde fyllt opp hospitsa?

Eg gjekk inn på ein bar og spurde om dei hadde rom. Det hadde dei ikkje, men han bak disken var berre velviljen, og gav teikn til meg om vente.
Så byrja han å ringe. Men alt var complito.
Men han gav ikkje opp.
Samstundes som han betjente kundane ved disken, gjorde han nye forsøk på å skaffe desse fire, eldre norske husrom.
Til slutt lukkast det.
Ikkje i Zubiri, men 13 km ut av byen og opp i fjella, til eit lite hotell der.
Verten ville kome og hente oss, og køyre oss attende i morgon tidleg.


Så vi fann oss ein benk i sola, og sette oss for å vente.
Etter ein halv time var han der, og heldigvis kunne han litt engelsk.


Så gjekk turen på smale og svingete vegar til vårt nattlosji, Arrobia Borda i Eugi i Navarra. 13 km frå franskegrensa.

Vi vart innkvart på kvart vårt dobbelrom, og fekk dusje og ta ein liten kvil på gode senger, får svolten melde at det var tid for mat.

Vi var åleine i matsalen, og verten gjorde sitt beste på spansk og engelsk med å fortelje oss kva han hadde å tilby.
Vi enda opp med ein forrett av spinat, ost og valneter.
Hovedretten fekk vi forklart var ei salatgryte med enten svinekjøt eller tunfisk. Eller så kunne vi få ein omelett.
Valget var vårt, og vi enda opp med omeletten. Og den var verkeleg velsmakande.

Så var det desserten. Han hadde fleire runder på å fortelje oss kva som var våre valg der.
I Spania avsluttar dei alltid måltidet med noko søtt, sa han, og han hadde 4 valg, og kom med nokre spanske namn. Men å forklare kva som var bak namna var ikkje like enkelt.
Då dukkar kokken opp med ein tallerken med 4 dessertar på, og då vart det straks enklare.
Damene valde kastiljansk krem. Leif: Krem limon. Og eg noko så norsk som karamellpudding.
Damene var heldigast med å få største desserten, medan karamellpuddingen hadde minste skåla.
Det vart litt gjensidig utveksling av smaksprøver over bordet.
Alt smakte forteffelig.


Så var det tid å betale herligheita; 172 Euro for 2 dobbeltrom, middag og frukost for 4. Skyss fram og tilbake (13km x2) var gratis.
Etter norsk standard var det ikkje dyrt, sjølv om det låg i overkant av våre forventa døgnkostnadar som pilegrimar.
Men det har det gjort fleire stadar lang pilegrimsvegen.
Vi fekk i alle fall ein triveleg kveld og ei god overnatting

Burguete

Zubiri

Larrasoaña, Esteribardalen

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar