tirsdag 23. juni 2009

Saint-Jean-Pied-de-Port 18.juni 2009.

Sist natt hadde vi lysshow. Kl 23.30 starta det.
Med eit brak, og eit lynglimt.
Og så heldt det fram til kl.o6 om morgonen.
Då avslutta det med eit nytt brak, og det siste lynglimtet.
Og heile tida hadde det vore lyn så og seie i eitt.
Det eine lynet var ikkje slokna før det neste kom.
Torebraka var litt fjernare av og til, men lyna hadde vi heile tida.
Nokre veldig sterke, andre svakare. Og inni mellom striregna det.
Det var det lengste, samanhengande lynshowet eg har opplevd, men det vart også ei noko kort natt for meg.


Etter frukost hos våre venlege baskiske vertar, bar det på ut vandringsvegen mot St-Jean-Pied-de-Port for Bodil og meg.
Vi er i nordskråningane av Pyreneane, og landskapet er dominert av lave åsar og dalar.

Torbjørg og Leif leigde seg skyss med verten, når han skulle køyrde bagasjen vidare.
Bodil sende og sekken sin med han.
Det er mange franske som ber berre små sekkar. Bagasjen får dei køyrd frå herberge til herberge.

I dag gjekk det radigt. Nokonlunde flate og gode vegar. Overskya. 22 grader, men litt fuktig luft.


Vi er i baskarland.
Her er dyrehaldet litt annleis enn i dei flatare landskapa lenger nord-aust.
Som geiter.


og sauer.


Vi tok ein liten rast i eit buss-skur. Då dukka desse to opp i von om ein liten smak av nista vår.


Det var tydeleg at blomane treivst i dette klimaet her på kanten av Bisayabukta.



Strekket i dag var omlag som i går, vel 20 km, men alt etter 6,5 timar drakk vi kaffi i St-Jean le-Vieux, og då var det 4 km att å gå.


Elvane her er heller ikkje så store som tidlegare,
Denne rann heilt inn i kyrkjeveggen i La Magdeleine.
Midt mellom St-Jean-Pied-de-Port og St-Jean le-Vieux.






Sjølv krusifiksa i kyrkjene har eit litt anna drag.


Men kven er dette?
Ein urgamal baskar frå Karl den store si tid?


Gamlebyen i Saint-Jean-Pied-de-Port ligg oppe i bakkane over dalbotnen.


Så var vi framme ved bymuren og gjekk gjennom porten og inn i gatene.


Innanfrå ser porten og bymuren litt annleis ut.


Vel framme var vi innom herberget og fekk av oss sekkane.
Vekte dei to andre som låg og sov.
Og så ut for å sjå oss litt rundt.
Det fekk vi lite tid til sist vi var her, for 2 år sidan.
Torbjørg og Leif hadde hatt tid til å gjere seg kjende i byen, medan vi vandra mot byen, så dei var guidar for oss to.


På motsett side av byen. Heilt nede ved elva, innanfor bymuren og porten, ligg kyrkja.


Tympanumet som eingong var her, er borte. Det er berre rammeverket som står att.


Men den mystiske baskaren står i ei nisje på veggen.


Inne er kyrkja litt tung. Sidan veggane er mørk naturstein. Det er berre taket som dempar det mørket, og reflekterar litt lys utanfrå.


i eit hjørne lyser eit hav av små, tende, lys opp.


Etter å ha vandra ned bakkane til kyrkja ved bymuren, gjekk vi gjennom porten og over elva. Der skal vi gå morgon når vi skal gå over fjellet.


Eg la merke til det i Navarrenx.
Eit symbol forma som to S-ar som kryssa kvarandre i form av ein X.
Eg spurde vår vertinne i Ostabat kva slag symbol det var. Eit baskisk kors, var svaret. Seinare fekk eg vite meir.
Dette korset, som i moderne utforming har nokre utvidingar i endane på kvar S, står for dei fire elementa; jord og luft, eld og vatn, og er eit gamalt baskisk symbol.

Elles er baskisk tydeleg tilstades; i korset, i flagget, i skrift og i dei baskiske fargane, raudt og grønt .
På landsbygda, og særleg på nyare hus, er også fargane tilstades. Husa er alle kvite, medan skoddene for dører og vindauge er anten raude eller grøne. Ikkje skarpe fargar, men mørke jordfargar.
Og alle stadnamn er skrive på både fransk og baskisk. Baskarane uttalar, i motsetning på fransk, alle bokstavar.( som på norsk)


Siste middag på fransk side, ilag med franske, tyske engelske og svenske medvandrarar.

Og vår gode hjelpar og medvandrar, heilt frå Nogaro -- franske Anne. Ho tok ein kviledag her St-Jean-Pied-de-Port før ho skulle halde fram til Santiago de Compostelle









Saint-Jean-le-Vieux


Saint-Jean-Pied-de-Port

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar