tirsdag 23. juni 2009

Morlanne 13.juni 2009


Sola var komen opp, då vi starta dagen med ein enkel kommunal frukost.
Brød, appelsinmarmelade, appelsinjuice, kaffi og youghurt.
På grunn av eit brullaup i Pomps var det ikkje rom for oss i gitane langs pilegrimsvegen, men vi hadde med god fransk hjelp fått rom eit stykke ut i periferien.
I Morlanne.
Der var det eit herberge som hadde plass for oss. Men det betydde ei vandring utanfor den merka ruta.


I Louvigny er der eit lite, enkelt kapell. Der heldt vi morgonbøn, medan eit par andre pilegrimar stelte sine føter.


Etter 10 km var vi framme i ein ny landsby, Fishoys-Riumayou. Der stod det ei kyrkje og lokka med skugge både inne og ute.



Ein flott preste eller biskopstol lokka ein vandrande pilegrim til prøvesitting.


Der vart det rast mellom graver i skuggen av kyrkja.


Nye 2 km bakkane ned til Larreule. Der skulle vi ta av mot Bouillon, 3.4 km ut til sides for pilegrimsvegen.
Dagen var varm. Sola steikte, og skugge var det ikkje så mykje av.
Så då vi kom fram, sveitte og trøytte, leita vi opp kyrkja i von om grøn plen og skuggefulle tre. Men nei, berre grus mellom gravene.


Derfor vart det middagskvild på benkane inne i kyrkja.
Men for denne vandraren vart det for kaldt inne, så han valde å stø kyrkjeveggen i skuggen ute.

Men vi var ikkje framme. Enno stod det nokre km att i varmen.
Denne gongen over solsteikte sletter mot Morlanne.
Og no kom der ikkje fleire kjølege kyrkjer å søkje ly for varmen i.

Ein bilist stogga for å gjere oss merksam på at vi var utanfor pilegrimsvegen.
Og ein annan mann vart uroa over oss som gjekk der i solsteiken på vegar som vandrarar ikkje brukar å gå.
Kvar vi hadde tenkt oss?
På vårt spørsmål om kor langt det var att, svara han at det nok var ei 3-4 km att enno.
Varme kilometer.


Det byrja å leite på, men endeleg dukka hospitset opp framfor oss, og vi fekk setje frå oss sekkane, dusje og legge oss på sengene og kvile ut etter ein slitsom og varm dag.
10 km var omvegen vi gjekk i solsteiken. Kor varmt det hadde vore? 35 grader C i skuggen.

Noko utanom vegen, sola, varmen og kyrkjene?


Ei kjempestor, svart bille med raud klo som stilte seg i forsvarsposisjon for Bodil sin stav.


Eller eit tre, dekt med pilegrimar sine talismanar.


Eller ei humørfyllt helsing til pilegrimen om God mot. Berre 91 mil igjen til Santiago

Kveldens høgdepunkt; kl. 19.00 er det middag.
Og der var det berre fransk, mest eldre menn. Og dei snakkar så høgt og utan pause, dei franske. Ein vert reint ør av dei.

Maten: Brød og paté, så omlett og salat. Så andelår med grøne erter, og ei sjokoladekake med vaniljesaus til dessert. Og sjølvsagt vin. Det er alltid raud vin til måltida etter vegen. Men eg ser mange franske blandar han ut med vatn.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar