tirsdag 23. juni 2009

Nogaro 9.juni 2009


Det var tidleg morgon då vi låste oss ut av det flotte kommunale hospitset i Eause for å byrje vandringa mot Nogaro.


Frå Moissac og sørover til Condom gjekk vi for det meste gjennom kornland.
Etter Condom kom vi inn i vinlandet. Men så er vi og i den delen av Gascogne der Armagnac kjem frå.


På ein bakketopp, eit stykke sør om Eauze, dukka for første gong opp i horisonten, konturane av snøflekka fjell. Enno er det mange mil sørover til Pyreneane, men det var moro å sjå fjellkjeda stikke opp over dei næraste åsryggane.


I dag gjekk vi i eit opnare og meir variert landskap enn i går. Meir småkupert, ikkje så mykje skogsstiar, mykje små vingardar og maisåkrar.


Men og med storfe på beite langs vegen.


Dei var av ei anna rase enn dei vi såg oppe i høgda ved Aubrac første vandringsåret.


Det var klår blå himmel når vi starta 8.30, men i vest låg det skyer.
Det skya meir over etter kvart.
I nord og vest kunne vi sjå at skyene vart tunge og mørke.

Toreskyene kom nærare oss utover ettermiddagen, og snart høyrde vi tora slo i nordvest.
Heldigvis stod ikkje vinden i vår retning, så vi kom tørre fram til Nogaro.
Vi har vore heldige med nedbøren så langt.
I Le Romieu kom vi hus før uværet slo til. Og i Eauze var vi også komne i hus når regnet sette inn. Heldige var vi og denne dagen. Regnet heldt det seg på avstand frå oss.


Hadde ein rast i ein liten landsby som heiter Manciet.
Kyrkja hadde eit tympanum som tydeleg markerte at her er ei pilegrimskyrkje.


Men då vi prøve å kome inn i kyrkja, var den var stengt.
Innan for ei sidedør hadde dei laga eit lite Jakobskapell.
I det var det ein glasvegg mot kyrkjeromet.
Og til ein Jakob bak glasveggen.
Det var det næraste dei ville ha vandrarane i den kyrkja..


Det er ei eiga stemning å gå gjennom skogsstrekningar.
Vandre i grøne katedralar.
Bakdelen er at i fuktig luft, så er der ofte flygande, bitande, insekt.


Eit stykke før byen passerte vi datolinja gjennom Greenwich. Den var behørig markert.


20 km vart det idag, og då har gi gått omlag 14 mil sidan starten i Moissac.


Gite de etappe var fin. Vi fekk kvart vårt dobbelrom.
Eg vart send til eit stormarked i nærleiken for å kjøpe brød.
Etter litt leiting fann eg brød. Tok eit par og gjekk til kassa.
Der sat ei ung gjente. Ho slo inn prisen og sa kva det kosta.
Eg forsto lite av det ho sa, så eg måtte spørje på engelsk kva ho sa.
Då sa ho det på engelsk. og eg betalar.
Då snur ho seg til nabokassa, og strålande høyrer eg,(forstår eg)at ho seier;
Å, eg fekk snakke engelsk!


Spaserte ein tur inn i byen til kyrkja, stor men ikkje så mykje meir og sei om den. Kjøpte oss ein kaffi på torget før vi gjekk ut til giten igjen. Handla matvarer i eit stormarked på vegen, så i dag vart det ostesmørbrød med ananas som varmrett, men kirsebær som dessert.

Nagaro, som betyr byen med nøttetrea, vart grunnlagt på 1000-talet av biskpoen av Auch.
Undrer religionskrigane vart kyrkja sterk skada. restauret fleire gongar, seinast på 1900-talet. Men som fleire kyrkjer vi har sett under vandringa, treng også Nogaro si St. Nicholas kyrkje til ny renovering.


Manciet

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar