lørdag 6. juni 2009

Lectour 4.juni 2009

Etter 5 km kom vi fram til Castet-Arrouy som viste seg å vere ein fin liten by. Sola var alt komen høgt pä himmelen, så vi byrja merke varmen. Ved kyrkja var der bord under store skuggefulle tre, og på andre sida av gata ein kafe som baud på kaffi og is.


Kyrkja viste seg å vere det motsette av kyrkja i Mirradoux. Denne var vakker, truleg nokså nyrestaurert, og dekorasjonane i koret sette spissen på det heile.


Også taket i koret var vakker dekorert. I tillegg pryda fleire store måleri kyrkjeromet.
Og til ei forandring så var det sett fram stempel og stempelpute for vandrande pilegrimar.


Vi vandrar i landskapet Gascogne.
Var det ikkje herifrå dei var dei tre musketerane i Alexandre Dumas roman?


Etter endå 10 km kom vi fram mot Lectour.
Utanfor byen byrja vi å få litt otte når det gjaldt husrom, då det var så mange som gjekk forbi.
Torbjørg ringde derfor, og etter eit par forsøk fekk vi plass i eit presbyteriansk hospits. Det viste seg å ligge tvers over gata for kyrkja.
Seinare forstod vi at det også var bustad for dei lokale prestane.


Vi var inne i kyrkja.


Ei stor og flott kyrkje. Særleg var bileta på dei tolv meditasjons-stasjonane spennande. Ofte er dei måla bilete, men desse var godt utført treskurd.
Slike kunne eg tenkje meg i Ørsta kyrkje og. No når kunnskapen om dei bibelske fortellingane vert mindre, treng vi noko som formidlar kunnskapen vidare. Ikkje berre gjennom ord, men og ved å sjå.
Men litt rart å sjå ei flott kyrkje med biskopsymbol i koret, og så alle dei blå plasstolane stå der opprada.


Vi hadde god tid denne dagen, så vi tok ein rundtur i byen før vesper og middag.
Framme på åskanten fekk vi eit flott utsyn over bondebygda nedanfor.


Så her råflotta pilegrimane seg med ein kaffélatte i ettermiddagssola.


Kl 18.00 var det vesper i kyrkja. Vi var der, saman med to eldre damer, ein kvinneleg pilegrim og to prestar. Så det vart ikkje mange til nattverd, når vi 4 ikkje deltok. (p.g.a. pavekyrkja ikkje anerkjenner nattverdsfellesskap med protestantar)

Så var det middag i hospitset, og der var og dei to prestane. Dei såg litt overraska ut over Å finne oss der. Utanom dei var vi 10 pilegrimar og to hjelparar. Alle franske utanom ein av hjelpararane som var frå Canada.


Det meste av samtalen gjekk på fransk,, men ein av prestane; den eldste, viste seg å vere ein spirituell kar. Han underheldt alle. Han var 81 år men skulle først slutte som prest når han vart gamal.
I kyrkja hadde han hatt ein litt spesiell hoste. Den merka vi ingen ting til under middagen. Kanskje hosten hadde ein liturgisk karakter, sidan vi høyrde han berre i gudstenesta?

Og menyen var; grønsaksuppe, gulrotsalat med tomatar til, sosakjøt med potetstappe og gulrotstuing, ostefat, og til dessert ei marmorert kake med fromage blanc.


Til slutt heldt seniorpresten ei lang og spirituell tale om oppvaskmaskina dei hadde kjøpt, men som desverre var i ustand. Men dei hadde ei erstating som var effektiv og rask, og som heller ikkje kravde straum.
Med andre ord; pilegrimane tok oppvasken.

I det heile. Kontrastane er store på vandringsvegen, men du verda så spennande det vert av det.


Castet-Arrouy


Lectoure






Frå vi gjekk over Garonne og heilt sør til Spania, skal vi gå gjennom det gamle landskapet Gascogne.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar