tirsdag 23. juni 2009

Aroue Arüe 16.juni 2009


Starta vandringa vidare ut gjennom porten St-Antoine i bymuren rundt Navarrenx,
Vegmerka viste inn på ein plass, men kvar var porten gjennom bymuren?
Det tok litt tid før vi fann porten innen i denne bygninga.


Men då vi kom ut på andre sida, såg vi at portbygninga var ein del av bymuren.


Så var det ned bakkane og over elva Gave d’Oloron.


Når vi ser oss attende, over elva, er det den gamle festningsmuren som dominerar biletet.


Etter kort tid kom vi til Castetnau-Camblong.


Tid for morgonbøn i kyrkja. Ho var vakker.


Eit lite kapell stod i vegkanten ved eit travelt vegkryss.
Få meter lenger framme raste bilane.
Eg måtte stogge mi vandring mot vegkrysset og sjå kva som var inne i kapellet.


Men kven var denne Josef, barna sin vernar?


For det meste flat vandring, med unntak av nokre, både kortare og lengre bakkar.
Overskya vær, omlag 20-22 grader, men ikkje den lumre, fuktige lufta som vi hadde sist dag.


I eit skogholt vart vi merksame på nokre lange stigar som stod oppetter trea. Og det gjekk strenger oppover i greinene. I eit av dei var det også bygd ei hytte på nokre greiner høgt oppe.
Kva var dette?
Under vandringa vår i Frankrike har vi vorte vande med å høyre lyden av ein fugl.
Duer.
Overalt og heile døgnet høyrde vi duekurring.
Og dueslag var vanleg å sjå ved bustadhusa.
Var desse husa, langt oppe i trea, dueslag?


Vi kom ut av skogen og ned mot elva Saison. Det hadde vore varmt vandringvær nokre timar, og vi trong påfyll av vatn, og toalettbesøk.
Litt til sides for pilegrimsvegen låg landsbyen Charre. Der var det kanskje råd å få hjelp. Vi tok omvegen. Vatn fekk vi alle fall på kyrkjegarden, men toalettet var stengt.
Så vart det rast på kantsteinane, medan vi studerte vegen vidare, og fekk besøk av ein nyfiken hund.


Etter landsbyen Charre, gjekk attende og over elva Saison og inn i fransk baskarland. Der er 7 provinsar i Baskarland. 4 i Spania og 3 i Frankrike. Vi er i Basso Navarra.
Og skilte vert to-språklege.


Ikkje alle vegmerke var like enkle.
Somme var det lagt mykje arbeid i for at dei også skulle vere vakre.


Vi hadde fått hjelp til å tinge oss husrom i pensjonatet Bellevue. Når vi kom fram, viste det seg at vertskapet, eit eldre ektepar, nettopp var komne att frå ferie. Ei datter har styrt huset medan dei var borte.

Pensjonatet ligg i ei lita dalside, og vi ser Aroue på andre sida av dalen, omlag 1 km lenge framme.

I dag var turen på omlag 18 km. Og i kveld skal vi lage oss noko godt sjølve. Vi fekk kjøpe noko lite med vertskapet. Dei har eit lite varelager for salg til trengande vandrarar.

Verten har sans for statestikk. Her ligg to raude permar med opplysingar om området og baskarland. Og statestikk over kvar vandrarane som har overnatta hos dei har kome i frå, kvar dei skal osv. Den innheld også kart der vi skal plotte inn våre heimstadar.
Norske? 2 i fjor, frå Nordmøre. I år kom der 4 prikkar på Sunnmøre.


Vi gjekk ein tur, utan sekkar, ned i dalbotnen og opp til kyrkja i Aroue eller Arüe som staden heiter på baskisk.
Kyrkja vart ombygd på 1800-talet, og er no tydeleg nedsliten.

Framme i koret er der nokre gamle friser på veggen. Ei av frisene viser Jakob som maurardreparen.






Ho har og nokre vakre glasmåleri av eit meir moderne preg enn vanleg i kyrkjene vi har sett.
I tillegg hadde dei baskisk tekst.


Også dei 12 meditasjons-stasjonane er overraskande moderne i utforminga.

Eg har under vandringa prøvt å ta foto av desse meditasjonbileta i kyrkjene. Eg har hatt glede av å vandre langs dei, og det har også vore spennande å sjå kor ulike i utforming dei kan vere.
Frå det enklaste enkle som er dei romerske tala frå I til XII, til dei vakraste kunstverk.
Men det er som om dei ikkje er til å avbilde.
Bilda har alltid vorte uskarpe for meg, så eg har sletta dei etter kvart. Slik også denne gongen.
Men mi kjære lukkast betre, så dette biletet er det ho som har tatt.

Det baskiske flagget vert stadig meir vanleg å sjå.
Og alle skilt er tospråklige.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar