tirsdag 23. juni 2009

Navarrenx 15.juni 2009


Mandag 15.juni. Gråvær. I dag skal vi gå 23 km frå Argagnon til Navarrenx.



Men då vi skulle gå frå giten i Argagnon måtte vi til med hinderforsering.
Eit stort tre hadde velta tvert over vegen i vinden som var i natt.
Den stride elva på eine sida og ein bratt leirbakke på andre sida.
Var det råd å kome forbi?
Oppe på bakkekanten ligg eit hus.
Eit vindauge kjem opp, og ut kjem eit mannshovud.
Treet har nettopp falle, og han har ikkje rukke å kome ned med motorsaga enno.
Men gå der og der, så kjem de forbi.


Etter at vi har kryssa motorvegen og jernbanelinja, kryssar vi brua over Pau-elva


Etter brua ligg landsbyena Maslacq og Gouze tett på kvarandre.
Og så kjem ei flat, lang slette med åkrar og marker.
Pau slår bukt på seg her, men i enden av sletta er vi igjen ved elva.
Men no forsvinn stien inn i ei stigning gjennom ein tett skog opp mot ein åsrygg.
I den fuktige lufta er skogen full av flygande og bitande innsekt, så her det gjeld det å gå på og ikkje ta pausar.


Vi byrjar visst å kome i form. Er framme i Sauvelade etter 3 timar, og då har vi lagt 11 km bak oss.
Her er restane av eit benediktinerkloster frå 1127. Då levde det nokre munkar i enkle trehytter i skogen her.


Sauvelade betyr vide skogar. Viscounten av Bearn, Gaston 4, kom då attende frå krosstog mot maurarane i Spania. Der hadde han vore med å drive maurarane ut av Zaragosa. Som takk for sigeren gav han munkane rett til å reise eit kloster her.
I dag er det berre kyrkja att.


To av dei store hendingane i Sauvelade sin soge er då den engelske kong Edvard 1 med si dronning og 200 menn feira 17 års dagen for si kroning 21.11.1288.
Den andre er 10.08.1569 då leiaren for dei engelske troppene, lord Montgommery brende ned klosteret i kampen mellom protestrantane og katolikkane.
Den endelege slutten på klosteret kom under den franske revolusjonen.


Men kyrkja har også ei kjend Jakob-statue.
Ved foten ligg brev og myntar i mengder.
Her var ein open kafe. Dei reklamerte med omelett, men der vart det bom. Dei hadde ikkje egg. I staden vart det sandwich.


Det var bakke opp og bakke ned dei siste 13 km fram til Navarrenx.
Då det var 6 km att kom regnet, og det varde i 2 km. Så vi kom fram i opphaldsvær. Plass hadde vi bestilt i det kommunale giten.
Men her var to. Og hovedgiten i det gamle arsenalet var fullt, så då vart det reservegiten ut mot bymuren.


Kyrkja var stor som i dei fleste byane av litt størelse, og med mykje kunst langs veggane.


Det var hengt opp ei innbyding til pilegrimar om ei samling i kyrkja om kvelden, med orientering om byen, med etterfylgjande bøn for pilegrimane, og så kyrkjakaffi.Det kan vere interresant å høyre soga om ein stad, fortald med innleving, av ein lokal. Men når alt går på fransk, vert det ei langdryg soge.


Vi var i kyrkja, og ho var vakker nok, men som sagt. Fransk er ikkje mi sterke side. Etter på var det kyrkjekaffi for alle vandrarane. Eller rettare sagt, kyrkjevin og kjeks.

Men vi måtte ha noko som metta meir. Ein liten restaurant hadde ein pilegrimsmeny: salat, skinke og løksalat, ost og mandelkake.

Toalettet på restauranten er verdt litt omtale. Den var pryda med fleire bilete og kart i tilknyting til pilegrimsvegen. I tillegg stod der ein gamal milestein med avstand til Santiago de Compostella. Problemet var berre at her måtte ein vere rask. Det tok ikkje mange minutt før lyset slokna, og alt vat svart.






Namnet Navarrex kjem frå spanske Navarra. Navarrex var i si tid grenseby for kongedømet Navarra, Og kongen der tok eit arkitektonisk forbilde i iltalienske Lucca då han utforma byplanen. Byen har igjen mykje av preget frå den gongen det var ein rein festningsby, med kaserner m.m.
Gamlebyen er omringa av bymuren, og der er fleire portar inn til den.



Navarrenx

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar