lørdag 6. juni 2009

Siesta i Flammarens 3.juni


Det er tidleg morgon når vi går ut den gamle byporten i Auvillar.
På andre sida finn vi ei kolonialforretning og får gjere innkjøp av det kroppen treng av næring denne dagen.


Nok ein varm dag på vegen.
Vi starta tidleg for å kunne nytte den kjølige morgonlufta.
Etter ei tid kjem vi inn i eit nytt distrikt. Gers.
Der er det sett opp ei store tavle som fortel om eit pilegrimsprosjekt.


Det skal plantast tre med jamne mellomrom langs vegen, ulike sortar tre.
For kvar kilometer skal det stå ein sypres, og når ein skal endre retning eit anna stort tre. Og inn i mellom frukttre for kvar hundremeter, slik at vandraren heile tida kan fylgje med kor langt han har gått.


Og like ved har ein bonde sørga for at pilegrimen skal kjenne seg velkomen. Med vakkert steinbedd framfor bygningane, og velslegen pilegrimssti.


Men kroppen sin trong må vi sjølve syrgje for. Og det vert ofte på denne måten etter pilegrimsvegane. Eit teppe på bakken til underlag for mat og bakende, og så fram med kniv og medførd mat og drikke.


Kl.11.30, etter 3 timars vandring kom vi fram til St.Antonian. Ein av desse små, trivelige gamle byane. Innanfor byporten var der ein open kafe. I gata utanfor stod der stolar og bord. Vi fann oss plassar i skuggen og tinga oss kaffi og is. Det smakte.
Kafeverten var hjelpsam, og fekk tinga oss hus i Mirradoux. Men sende med ei lita åtvaring. Damen er noko spesiell.
Det stod berre att å kome seg dit.


Det var tydeleg at der var gjort mykje for å fornye byen, og med godt resultat.
Før vi forlet St. Antonian, var også kyrkja opna, så vi fekk oss ei lita stund der inne.


Den som møtte meg på dørstokken då eg skulle gå inn i kyrkja, var ei av dei største billene eg nokon gong har sett. Men eg var i trygge hender, for inn var St. Michael og passa på.


På ei anna skildring, var kong Louis III med i tilbedinga den oppstadne Kristus.
Katolske kyrkjer er ofte rike på eit kvart å feste augene på, om presten vert for langdryg med sine ord.


Vi går i eit anna landskap sør for Garonne.
Flatare og opnare.
Her ser ein langt fram til neste vesle høgd.


Kanskje er det dette denne steinen viser.


Framme på ein ås dukka ei husklynge med ei kyrje opp. Var det Mirradoux?
Det var det ikkje. I staden var det Flammarens. Enno 2 km att til Mirradoux.
Ved kyrkja er ein grøn plen med eit stort kastanjetre midt på. Der slår vi oss ned og tek ein liten siesta.

Her møter vi og for første gong eit fransk par på vår alder. Vi skal halde fylgje med dei på vegen nokre dagar framover.
Dei har ikkje lettaste sekkane.
Då dei kjem hit denne dagen, fell kvinne rett overende, utan å ta av seg sekken. Ho ser heilt utsliten ut, men etter ei stund kravlar ho seg oppatt, og dei går vidasre og forsvinn bak borga.
Ein dag seinare med regn i lufta, ser vi at i staden for stav, har dei med seg ein stor paraply. Og det kan vere greit nok.
Regnskjul og stav i eit.


Flammarens er gamal by, og sentralt i i den står eit gamalt slott. og ei ruin av ei gotisk kyrkje. Dei held på å samlar inn kapital for å setje igang restaurering.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar