tirsdag 23. juni 2009

Arzacq-Arraziguet. 12.juni 2009


Kl 6.30 kom sola over åskanten i aust. Der var ei strime med klår himmel, men utover formiddagen klårna det heilt av, og det vart ein varm vandringsdag. I det fjerne ser vi igjen fjella langt i sør teikne sin profil mot morgonhimmelen.


Ski kan også brukast til anna enn å gå på snø.

I dag gjekk vi 14 km, og det er eit anna landskap vi er komne i.


Vi er ferdige med dei flate viddene i Gascogne og Gers.
No skal vi gå gjennom Landes og inn i fransk baskarland.
Her er det fleire strekningar med skog.




I departementet Pyrenées-Atlantique er det meir lave åsryggar med dalar i mellom.



Vi hadde ein stogg ved ei gamal kyrkje frå 1200-talet i Sensacq.




Eg såg fleire gamle innripa teikningar av riddarar og rytterar i veggen på den eldste kyrkjedelen.


Men har riparen vore i Norge og sett stavkyrkjene der?



Så heldt vi fram gjennom fleire dalsøkk, fleire av dei gjørmete og sleipe, fram til Pimbo.
Ein vakkar landsby på toppen av ein ås.


Der var også ei gamal kyrkje i tilknyting til eit lite benediktinar-kloster.




Tympanumdelen av inngangspartiet er prega av gamal keltisk ornamatikk.


15. des. i 1268 vart det, ved biskopen her og den engelske kong Henrik 3 sin representant, gjort ei avtale som sikra gode tilhøve mellom kyrkja og den engelske hærmakta.
Ei uvanleg avtale mellom franske og engelske mynde.
Etter legendene var det Karl den store som i si tid grunnla og befesta Pimbo.
Kyrkja har restane av ein portal som har keltiske ornament, men sjølve tympanumet er borte.


Medan vi rasta ved kyrkja, kom der ein brun, mellomstor hund og roa seg under steinbordet.
Då vi vandra vidare, slo den fylgje med oss. Vi prøvde å få den til å snu, men alle forsøk var mislukka. Den logra freidig med halen og småsprang ved sida vår, med korte avstikkarar ut til sidene av vegen.

Vel nede i dalbotnen vart den litt meir søkjande, stansa, lukta og såg seg rundt. Litt lenger framme var der ein hønsegard på venstre side av vegen.
Brått vart det ei fælande kakling på hønene, og dei flaksa i vill forvirring fram og tilbake innanfor gjerde.
Og kven var utanfor, om det ikkje var hunden. Men det varde ikkje lenge. Med eit var han innanfor og jaga hønene framfor seg medan dei kakla og flaksa på harde livet.

Bonden var ved husa eit stykke undan, men han var visst ikkje obs på kva som hende i hønsegarden.
Så, med eit glefste han tak i kvit ei, og med henne i kjeften gjorde han ikkje vegen lang ut av hønsegarden.
Det siste vi såg av han var enden og rova, der han sprang attende mot Pimbo.
Han visste nok kva han var ute etter, den karen.


Gåselever er ein fransk lekkerbisken.
Men gåsefarmane var ikkje like delikate.


Ut på tidleg ettermiddag kom vi fram til Arzacq,


og fekk oss senger i Gite de Pelerin. Ein stor gite med 77 senger.


Arzacq har utvikla seg til ein liten by frå den vart grunnlagt av engelskmenne som ein bastion.
Men bastionen og bymuren er borte i dag.


Men kyrkja står.




Og der var og denne madonnastatuetten.


Og i dag vart det kommunal middag. Vi er i ein kommunal gite, og her er det ei kvinne som står for middag og frukost. (kommunal tilsett. Noko å tenkje for Giske og kommunene langs pilegrimsvegen til Nidaros)
Middagen var enkel men god.Forrett; paté med tomatskiver og brød, Hovedrett: Andelår med makaronistuing. Og Yoghurt til dessert. Og sjølvsagt med vin til alt.

Etter mykje telefonering, og med god hjelp av ein fransk medvandrar, fekk vi oss hus for neste natt også.


Og mot kvelden klårna disen over Pyreneane, og fjella viste sine profilar mot sørhimmelen.


Utdrag av eit kart over dei franske regionane som vi har vandra igjennom i desse tre åra.


Arzacq-Arraziguet




Vi er komne inn i det gamle kongedømet Bearn. På 800-talet vart området herja og okupert av vikingar, og på 1000.talet dukkar namnet Bearn opp. Det er dei som meinar namnet har sine røter i det nordiske Bjørn eller Bjarni.
Kong Karl Johan vart fødd her, i Pau. Og Alexander Dumas let sine musketerar vere her frå Gascogne som Bearn seinare vart ein del av. Den fjerde, d´Artagnan var frå Bearn.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar