tirsdag 23. juni 2009

Aire-sur-l'Adour 10.juni 2009


Det var overskya når vi starta. Sidan neste etappe er heile 29 km, og ikkje nokon gite før Aire-sur-l’Adour (Aire ved Ador-elva) valde vi å ta drosje dei første 9 km, og så vandre resten.


Det var eit vekslande terreng, nokså flatt, men ope utanom litt skog.
Det gjer på seg å ha litt utsyn utanfor vandringsvegen.
Sola kom fram etter kvart, og det vart høveleg varmt å gå.
I middagstid rasta vi ved kyrkja i Lelin. Ho var desverre stengt.

Litt lenger framme gjekk vi langs toglinja mot Aire-sur.l’Adour.. Nær Barcelonne-de-Gers var det ein fin grasbakke, og skuggefulle tre, som innbaud til ein rast.
Men så ser vi at i sørvest tjuknar det til, og sola vert bort. Det kjem regn, og vi har endå mange km att.
Då vi har omlag 5 km att må vi på med regnkle.
Ikkje det heilt store å vandre på ein smal sti i lårhøgt gras, men når vi når Barcelonne.de-Gers er det meste av regnet over.
Ved eit stort kjøpesenter vert det stogg. Her må det provianterast.


Så når vi dagens mål og vandrar over brua og inn i sentrum.
Brua er reine flaggborga. På begge sider av den er det flagg på flagg.
Alle landa i EU er der med sine flagg.

Heime ville vi ha sagt; dette er ei gågata, men ikkje so i Frankrike. Eg trur ikkje dei har noko som heiter gågater. Sjølv i dei finast pynta, eller i dei smalaste gatene køyrer bilane, så her må ein ha augo med seg.


Katedralen i enden av “gågata“ har pilegrimskontor, og når vi kjem inn, heng det plast alle vegne, men ei dame ynskjer oss velkomne og viser oss inn i eit lite kapell. Der får vi kaffi og kjeks, og vert behørig registrerte.
Katedralen er under oppussing. Veggane er mørke så ein knapt skimtar dekoren, men då vi kjem fram for plasten, fram i den opp-pussa delen, ser vi det heilt motsette.



Kyrkja strålar. Det er det vakraste kyrkjeromet eg har sett sålangt på vår vandring frå Le-Puy.


Kjem de forbi Aire-sur-l’Adour nokon gong, då må de gå inn i Kathedrale St-Jean-Baptiste. Ho må verte fantastisk vakker når ho er ferdig restaurert.


Kyrkja er så innebygd at det var ikkje lett å kome på skothald, men på ein parkeringsplass bak kyrkja, fekk eg eit bilete av den. Bakanfrå. Men dei to tårna fekk eg med.


Der var og eit blomebed, vakta av eit par. Liknande vaktarar har eg ikkje sett før.

Byen har ei lang historie. Heilt attende til gallisk tid, før dei vart hærtekne av romarane under Julius Cæsar. Etter romarane kom vestgotarane, og kong Alrik gjorde byen til sitt hovedsete.


Lenger oppe i byen er der også ei gamal kyrkje, med eit tympanum som viser Kristus som verdsherskar.Denne kyrkja var og under renovering, så vi fekk berre eit kort besøk inn om døra, før handverkarane avslutta for dagen.


Kyrkja er knytt til sagnet om ei vakker vestgotisk prinsesse, Quiteria, som ikkje ville avsverge si kristne tru, og derfor vart halshøgd. Der kroppen hennar vart gravlagd, sprang det fram ei kjelde der vatnet skulle ha lækjande verkning. I dag ber kjelda påskrifta; ikkje drikkande vatn.

Den kvelden vi var i Condom, banka det hardt på døra, og inn kom ein tysker med ein diger ryggsekk på ryggen.


Han hadde gått nærare 40 km den dagen. Ein pratsom kar.
Neste morgon sette han avgarde i godt tempo, og vi rekna ikkje med å sjå han meir.
Så trefte vi på han på eit par dagar seinare. Den natta hadde han overnatta i telt i skogen, fordi han hadde gått seg heilt tom. Men han var komen til krefter att då vi prata med han. No ser vi han ikkje meir, hadde vi sagt.
Men i kveld, på ein bar i “gågata” stod han med eit ved sida vår.
Ude heiter han, og skal gå like langt som vi, til Pamplona.
Men han må vere der 2 dagar før oss.


Så er vi komne inn i eit nytt departement, Aquitaine, og eiy ny region.
Vi hadde tinga oss hus hos ein tysker som dreiv eit pilegrimshospits oppe i bakkane over Aire. Der var det ei flott utsikt utover byen.


Barcelona-du-Gers

Aire-sur-l’Adour






I Aire-sur-l'Adour kom vi inn i departementet Aquitane.


Aire-sur-l'Adour ligg i regionen Landes

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar