tirsdag 23. juni 2009

Eauze 8.juni 2009

Nok ei transport-etappe. Denne gongen på 16 km frå Montreal-du-Gers og til Eauze.Mildt og fint vær. Høveleg vandrarvær.


Flat, i førstninga gjennom endelause vinmarker, så over til litt åkerland før vi kom inn i skog fram til Eauze. Vandring i grøn katedral, kalla Leif det.


Ut på dagen byrja vi å sjå oss etter ein plass å raste på. Men det var mykje skog på sida av stien,
Så dukka det opp eit pilegrimsherberge. Og på andre sida av vegen var det sett opp eit rastebord.
Og her var fin utsikt over landskapet.
Vi slo oss ned, leita opp maten og hadde det triveleg.
Så dukka Ude opp.
Han hadde fått ein bråstogg kvelden før.
Heilt utsliten av si tunge bør, hadde han måtte slått opp teltet mitt i skogen.
Men no var han pigg igjen.
Herbergeverten dukka opp, og han var sur fordi vi rasta på hans eigedom. Men Ude roa han med av vi var norske.
Men hadde vi vore franske, fortalde han, då hadde han jaga oss.

Nokre hundre meter lenger framme var det eit liknande bord ved kyrkja. Men då hadde vi alt rasta.

Eauze si historie strekkjer seg meir enn 2000 år attende. Namnet kjem frå Elusa som var hovedby for ei folkestamme; Elusatane. Dei hadde Julius Cæsar mykje trøbbel med.
Og under relgionskrigane var byen i kamplinja mellom hugenottane og katolikkane.


Eauze er i dag hovedby i Armagnac distriktet. Byen har fleire smale gater og smug der dei gamle husa endå står. Fleire av dei renovert i gamal stil. Det er litt rart å gå gatelangs og sjå årstala for då bygningen vart reist, stå over inngangsdøra. Årstal frå 1700-talet, og husa er framleis vakre og bebudde.


Kyrkja er mektig og enkel. Og som dei fleste av kyrkjene vi har vore innom, har den ein flott akustikk. Her treng ein ikkje høgtalar, men likevel; høgtalarar er der i alle kyrkjene, små som store.





Middagsmenyen i dag? Vel, den vart kjøpt på Spar og laga til av Leif og Bodil. Hovedrett : Risotto med kylling, og med grønsalat til. Og dessert; ei korg jordbær.


Eauze

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar