lørdag 6. juni 2009

Auvillar 2.juni 2009

Det vart ei god natts sømn i gode senger i Gite d'Etappe Utreia gav oss. I tillegg fekk vi ein skikkeleg frukost. Så dette hospitset i Moissac, driven av eit britisk ektepar, kan vi trygt anbefale.

Etter frukost sette vi att sekkane i hospitset, og gjekk for å vitje kyrkja. Kl 8.30
fekk vi delta i Laudes, morgonbøn, leia av nokre dominikanarsøstre. Desverre fekk ikkje denne vandraren med seg orda, men songen var ein rein "vederkveglelse" å få med seg ved starten av vår vandring dette året.


Kyrkja har og mange vakre skulpturgrupper med bibelske motiv, også eit med Pietamotiv. Men her er det Maria og Jesus del av ei gruppe.
Er det Johannes og Maria Magdalena som er dei andre?



Klosterhagen, eller cloistre, har stått på ynskjelista heilt sidan i fjor. Derfor stod den som neste post på dagens program.
Vakkert og fredeleg. Der var ikkje mange andre der inne enn vi så tidleg på morgonen.


Men før vi forlet kyrkja i Moissac, tek vi oss ein tur rundt inne i den, opp i tårnet, ser på orgelet, og vitjar kyrkja sitt skattkammer.


Så nokre siste minutt ved det flotte tympanumet.


På veg attende til hospitset får vi med ei lita åtvaring. No når vi skal vandre gjennom kjende vindistrikt. Bacchus er ikkje å spøke med.

Så var vi klar for vandring.
Sola skein frå ein klar, blå himmel og værmeldinga lova oss opp mot 30 gr C.
Dette skal verte dagen då vi vandra ved og over dei store elvane.
Men mest ved ein kanal.


Der går ein kanal frå Middelhavet og til Atlanteren, og den går gjennom Moissac.
Det var langs denne kanalen vi skulle gå dei første 15 km fram til byen Pommevic. Og sidan vi gjekk langs ein kanal, var der flatt, med store skuggefulle tre ved sida, så vi hadde det i grunnen fint. Men desverre var det asfalt heile vegen. Det merka vi etterkvart i føter og hofter.


Vi heldt ein rast ved ei sluse i kanalen. Og medan vi var der, kom ein britisk lystbåt sigande mot oss. Så der fekk vi sjå slusa i funksjon.


Det var ei vakker vandring under skuggefulle tre ved kanalen. Og med mange vakre blomar langs breddane.


Lenger framme låg der ein båt ved bredden.
Kanskje ein skal leige seg ein slik eit år, og segle dovent frå Bordeaux til Middelhavet?


I Pommevic prøvde vi å kjøpe oss kaffi, men der var alt stengt og stilt. Det einaste livet var nokre eldre menn som spelte boccia under skuggefulle tre.


Vi forlet Pommevic og går sørover, over kanalen og over Tarn. Elva som rann gjennom Moissac.
Her er ho vid, mest som ein innsjø.

Men så byrja prøvinga. Frå Pommevic og sørover til Esplais ved bredden av Garonne var det flatt, og lite skugge å finne.
Vassflaskene vart etter kvar tomme, men framme ved kyrkja i Esplais var det vatn å få, og skuggefulle tre til å kvile under.


Etter rasten ved Esplais er det ikkje langt til Garonne. Berre 2 km, og så over brua og opp bakkane til Auvillar. Det var ikkje mange høgdemeterane, men dei tok på i varmen.

Auvillar tyder: To byar. Den eine ligg nede ved elva, den andre oppe på åsen.
Vi hadde tinga oss plass i den kommunale gitèn, og vi fekk eit fint rom med 4 senger. Det var godt å få setje av seg sekken, og så inn i dusjen og la det varme vatnet renne over ein trøtt og sveitt kropp.


Men mat må til. Vi må på leiting etter ein stad der vi kan få oss noke varmt i kroppen.


Byen er gamal, og noko av det gamle står enno att.


Og oppe på ein vegg, held Jakoben oversikta.
Eg vert lokka av byen, gatene og ein stad med utsyn over Garonne-dalen. Ute på skanten er det utsyn i 180 grader.

Dei andre finn eg på eit crepperi.
På veg inn står det ei kvinne og ordnar i eit blomsterbed.
Ho rettar seg opp og seier noko pä fransk då eg er oppe ved sida av ho.
Då ho skjønar eg ikkje forstår, slår ho over i eit haltande engelsk.
Om eg er han som går med sandalar?
Ja. det gjer eg.
Korleis er det med føtene dine?
Dei er gode, svarar eg.
Det var endå godt ho spurde om føtene og ikkje om hoftene, for i kveld vralta eg som ei gås.


På eit crepperi vart det pannekaker med noko attåt til alle utanom Leif. Han valde ein rett med ulike fiskesortar. Det mest spesielle var ei boks med sardinar i olje.
No ventar ei god natt kvile, og så er vi Ok igjen i morgon og klare for fleire kilometer på Via Podiensis


Moissac


Auvillar





Vi er i departementet Midi-Pyrénées


Og i regionen Tarn-et-Garonne

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar