tirsdag 23. juni 2009

Argagnon 14.juni 2009

Det var lavt skydekke med lett yr når vi starta.
På veg ut av byen kom vi forbi kyrkjegarden.
Der var det ei grav som skilde seg ut.


Ein av byen sine søner fall i Viet Nam. Og byen har teke godt vare på minnet og grava hans


Etter kvart kom vi inn på pilegrimsvegen sørvest om Pomps.
Det ser ut for at mais og husdyrhald er hovednæringa for bøndene i området.
Sidan det var søndag er dei fleste butikkar stengde, men i følge verten sist natt, skulle det vere opne matbutikkar i Arthez-de-Bearn, så vi raska på for å kome oss dit.


Men morgonbøn prøvde vi å få til. Kyrkja i Castillion var stengt, men nærare Arthez er der eit gamalt kapell frå 1200-talet, reist av Johannittane. Der fekk vi ei stille stund med bøn, tekstlesing og salmesang.




Kapellet var nokså tomt, men hovedatraksjonen var ei fint innrama nisje i eine sideveggen. Inne i nisja låg ein skulptur av ein riddar i full rustning ( frå 1300-talet).Rettare sagt, det var berre overkroppen som var att. Der underdelen skulle vere, låg der ei løve og vakta han. Truleg løva frå slektsvåpenet hans.


Og utanfor stod eit anna pilegrimspunkt i ein fin park, ein oppmura stein med kamskjel, kors og Madonnaen.

Ikkje alle hostell er like innbydande.

Arthez var ikkje mykje å rope hurra for. Ei lang gate inn mot sentrum. Matbutikkane var stengde og kyrkja var stengd. Berre ein liten bar var open, så vi kunne kjøpe oss ein kaffikopp. Den hadde for ein gongs skuld skikkeleg norsk standard i storleik.


Som gode pilegrimar har vi orden på den åndelege sida og. (hm..) Då kan det vere godt å ha Jakob med på vandringa til stjernemarkene.


Og på kyrkjeveggen var dette flotte kartet av pilegrimsvegen hengt opp.


Så her vart det matrast på kyrkjetrappa. før vi tok dei siste 7 km fram til Argagnon. Det har vorte mykje asfalt i dag. Det har vore hardt for føtene, især Torbjørg og Leif er plaga. Vi hadde ein tur innom kyrkja, den var enkel, men med ein fantastisk akustikk.


No er vi på ein gite ute i skogen, og her er det også enkelt. Ikkje noko høgstandard husvære dette, men vi har med oss brød og pålegg, så då får vi vel greie oss utan middag med fleire rettar.



Vi byrjar nok verte litt utskjemde når det gjeld finare middagar. Det vert hardt å omstille seg til enkel norsk kvardagsmat igjen.


Men så møter ein altid det overraskande. Som her i Argagnon. Det er vertinna som handteiknar stempelet til pilegrimspasset,


og det verten som held ein flott liten konsert på banjo for nokre av oss vandrarane. Til dels med sjølvkomponert musikk. Flotte rytmer i ei lummer kveldstund ute i skogen på den sørfranske lansbygda.


Det er ikkje alle hospits som byr på like mykje comfort.
Dette var av dei enklare.
Men vi hadde det fint også så enkle omgjevnader.


Eg drog med meg ein liten PC, i von om at eg kunne legge ut bilete og tekst under vandringa. Men eg hadde ikkje lukka med meg i det.
I staden vart han brukt til å skrive vandringsdagbok.

Seinare på kvelden fekk vi anna musikk. Først rulla tora nærare og nærare. Så kom regnet, og til slutt vinden.


Verten i Argnon byr på bluegras


Arthez-de-Bearn

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar