lørdag 6. juni 2009

La Romieu 5 juni 2009



Vi har takka for oss i Lectours prestebustad, og er på veg ned gatene, ut av byen.


Når vi ser attende på byen der oppe på åsen, ser vi at morgondisen har regn i seg.
Ikkje lenge etter må vi leite fram regnkle.
Men heldigvis vert det berre med ein kort skur.


Ut på formiddagen vert det rast ved kyrkja i Marsolan.


Vi ser at skyene tyder på regn i løpet av dagen, men vonar vi vil vere i hus før det byrjar.


19 km vart det i dag. For det meste gjennom store åkrar med korn og grønsaker, og store frukthagar.
Ofte vert det eit langvarig samtaletema; Kva slags vekst er dei dyrkar her?
Landskapet er ope og vidt, nokre bakkar opp og ned, men ikkje for lange og bratte.


Av og til er det underleg kva ein vert oppteken av.
Vi gjekk gjennom store kornåkrar, og det skulle vere enkelt å slå fast: her det det bygg, her havre og her igjen er det kveite.
Men for ein som knapt har sett eit modent kornaks sidan ein var barn, rett etter verdskrigen, då bøndene slutta med å dyrke korn i våte fjordstrøk på Sunnmøre, var fasiten ikkje så lett å finne.
Derfor var det grunnlag for mykje undring på kva som var kva av desse korntypene.
Det enda med at eg sende eit naudrop om løysing på problemet.
Og fekk svar attende frå ei datter som undra seg på kvar kunnskapen vår var.
Os så gav ho oss løysinga.
Men med vart også grunnlaget for vår undring lagt død.



Så dukkar La Romieu opp.
Katedralen ragar høgt opp over dei andre husa i byen.


Vi er på plass i herberget i La Romieu.
Heldigvis kom vi fram i tide.
No, vel i hus tordnar og lyner det saman med kraftig vind, og i tillegg striregnar
det.
Her er ikkje vindauga tette, så vatnet fløymer inn i andre etasje og renn vidare gjennom golvet ned i første.
Vertskapet har full jobb med å tørke opp alt vatnet.
Godt at vi kom i hus før det starta.
Hadde ikkje vore triveleg å vere på vegen under dette regnet.


Regnet tok slutt med kvart, og vi våga oss ut for å få oss middag.
Vi måtte tinge oss plass i ein restaurant, som først opna ei tid seinare.
Men når den opna var vi pä plass, og fekk oss eit godt måltid.
Men alt har ein ende. Det var tid for pilegrimar å roe seg, så Leif var i skranken og sa vi ville betale.
Trudde han.
Stor var vår overrasking då verten dukka opp med 4 glas øl.
Det var fleire enn vi som hadde det festleg då ei stund.


Men katedralen var stengd for oss ,
Vi var for seint ute.
Så det vart berre eit lite gløtt inn i klosterhagen gjennom porten sine sprinklar.


Le Romieu er ein av desse gamle byane.
Namnet kjem frå gascognsk og tyder pilegrim.
Den vart grunnlagt av ein tysk munk, Albert, som grunnla eit stift her.
Den mektige kyrkja, som vi desverre ikkje kom oss inn i, vart bygt på 5 år frå 1313


Byen er også kjend som kattebyen.
Årsak?
Under ei hungsersnaud såg ikkje byfolket seg anna råd enn også å fange kattane for å ete dei.
Ei foreldrelaus gjente; Angeline, var glad i kattar, og ho berga undan nokre og gøymde dei.
Men når kattane var borte, fekk byfolket eit nytt problem, rotter.
Då kom Angeline fram med sine kattar. Slik vart Angeline sine kattar, byfolket si redning for rottene.




Og kattane set sit preg på byen.
Både dei av stein og dei som jagar rottene no.


La Romieu

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar