tirsdag 23. juni 2009

Ostabat 17.juni 2009

Vi vakna til småregn, men det tok ikkje lang tid før det skein det av.
Og --- det vart ein varm dag. Oppmot 30 grader i skuggen.
2o km var det til Ostabat.
Og det med mykje bakke opp og bakke ned.


Tidleg om morgonen såg vi rekkja av mektige fjell i sør, men det varde ikkje lenge før dei var borte i soldisen.


Det er ingen mangel på god merking av vegen i dette distriktet.

Etter omlag halvgått distanse måtte Leif kaste inn handkledet.
Ryggen ville ikkje meir.
Her må det kvile til.


Ein bratt nedoverbakke vart for mykje. Han og Torbjørg fekk hjelp til å få seg bil vidare. Verten i Ostabat kom og henta dei fram til hospitset.
Bodil og eg heldt fram.


Det går ein paralellveg, og ein kortare veg utanom åsen og kapellet der oppe.
Skal vi ta denne, spør Bodil.
Nei, eg vil opp.


Vi hadde ein rast i Larribar-Sorhapuru etter 15 km, på ein rasteplass med bord og benk, og vatn, men ingen skugge.

Men så venta dagen si prøving oss.
Det gjekk relativt greit ned til elva, der eit tysk par var opp i under over ei hegre som stod på vakt i straumen.
Her skulle vi ha leita opp Gibraltar.
Gibraltar er staden der to pilegrimsruter møtes, og der er det sett opp ein høg baskisk gravstein, midt i ei steinsett, symbolsk kamskjel.
Eg såg skiltet, men klarte likevel å gå forbi.

På andre sida av brua byrja motbakken.
Første halva av oppstigninga til åstoppen gjekk stort sett i skog, men då vi kom opp i landsbyen Hirburia byrja prøvelsens veg.


Det er igrunnen ein prosesjonsveg opp åsen til eit Maria kapell på toppen. Men han var lang og tung, med sola midt imot og ingen skugge.


Det var ikkje fritt at vi angra litt oppe i bakken på at vi ikkje valde sniglevegen tidlegare, nede i dalen.


Oppe på høgda var det hivt opp ei røys av stein. Som takk for at det snart er over, legg eg på eit par steinar på røysa.


Endeleg oppe, og vi kan snu oss og sjå attende. Var det ikkje lenger ned til landsbyen? Tungt og varmt hadde det i alle fall vore å kome opp desse få høgdemeterane.




Det var ei lise å kome fram til skuggane under trea ved kapellet, og med eit
fantastisk utsyn over bygdene rundt, og fjella i varmedisen langt i sør.



Vi hadde ein god pause der oppe på åsen, men alt har ein ende.
Vi må vidare ned frå åsen.


5 km att til Ostabat, men det vart lange kilometer.
Turen opp til kapellet hadde teke mykje på.


Kvar motbakke var tung, men endeleg dukka landsbyen med kyrkja opp framfor oss.


Og kyrkjeromet var kjøligt og godt å kome inn. Bort frå varmen i gata utanfor

Vi rasta på kyrkjetrappa, medan vi hadde kontakt med Torbjørg for å finne vegen fram til hospitset.


Skjeldan har ein dusj og ei seng smakt så godt.
Vi fekk vaska svettevåte kle og hengt opp til tørk, men vi fekk ikkje lang tid til å kvile på senga, for middagen venta.
Mange franske, mange tyske og oss fire.



Ein fargerik vert, ekte baskar, som underheldt med song.


Han hadde litt av ei stemme, og han fekk folket med seg og stemninga vart høg, før han runda av måltidet med Fader Jakob.


Ein lokal aperetif først, til ein baskisk song. Så kyllingsuppe med nudlar. Vidare paté (god forresten) og bayonneskinke. Fylgd av ein lapskaus av kjøt, poteter og paprika. Saueost med kirsebærsylte til dessert. Og ein liten kopp kaffi.
Så var det som sagt;---God natt i ein mild sommarkveld.
Og vi er litt spente på morgondagen. 21 km att til St-Jean-Pied-de Port.



Ostabat-Asme

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar