lørdag 6. juni 2009

Condom 6.juni 2009


Det er 16 km frå Le Romieu til Condom. Været var overskya og ikkje for varmt.
Etter regnet i går venta vi oss våte og sleipe stiar. Og kanskje regn.
Det fekk vi ikkje, istaden litt sol.
Det vart ein del bakke opp og bakke ned, men stort sett greie vegar å gå. Nesten.

Sien førde oss ned i eit dalsøkk. I botnen gjekk den gjennom eit skogholt der det og var eit lite vatn.
Og her var vi med eit midt i ein flygande sverm av bitande innsekt. Og dei fekk gode høve til å finne nakne føter, hender og hovud, sjølv om vi slo frå oss som best vi kunne.
Det var ein lettelse å kome ut av skogholtet og verte fri for insektsvermen.
Men det tok nokre dagar før resultatet av angrepet, mengder av raude, hovne og kløande kular, var borte.


I det siste dalsøkket fekk vi dagen si neste prøving.
Stien gjekk først ned gjennom eit skogholt, der stien var gjørmete, men vi kom oss, med varsemd, nokonlunde heilskinna ned til bekken i botnen.
Tre kvinner gjekk muntert forbi oss medan vi forsiktig tok oss fram nedover stien.


Men det skulle verte det verre.
Det rann ei lita elv i dalbotnen, så vi fekk gjort sko og sandalar nokonlunde reine etter skogholtet. Men vi høyrde kvinnene storle framfor oss.
Og då vi kom fram såg vi grunnen.
Ein stor, open åker hadde i styrtregnet slept mykje fin sandjord ned der stien gjekk, og der kom vi ikkje tørrskodde forbi.
Det var reine blautmyra.
Vi streva og glei oss igjennom den blaute dyngja av fin sandjord.
Vi kan snakke om kladdeføre på ski, men dette var verre.
Det var som om vi hadde truger under skorne. Det var nesten så vi hadde problem med å flytte føtene.


Heldigvis var der, når vi kom over gjørmebadet, eit lite vatn ved stien.
Der fekk vi vaske av skor og føter det verste.
Men ho som gjekk i sandalar gjekk rett ut i vatnet.

Kven har lova pilegrimen berre solskinsdagar på vegen?


Etter slike opplevingar er det godt å finne vakre blomster å gle seg over.


Kyrkjer er høvelege grunnar til å ta ein liten pause i vandringa.
Denne dagen er det Chapelle St.Germaine frå det 13.århundre.

Framme i Condom fann vi hospitset og fekk sett frå oss sekkane.
Dette var dreve av ein tysker.


Ein tur ut på byen før middag. Den store katedralen, St.Pierre, må ein nytte høvet til å vitje. Den var storslagen, og vakker. Bygginga starta i 1507.



Den hadde to inngangar, og med eit tympanum over kvar.




Inne var den var stor, lys og vakker, og med mykje fin kunst å sjå.





Så var det middag med verten, og tyske, franske og norske vandrar til bords.
Menyen; grønsalat, kylling og kake til dessert.
Medan vi sat til bords, banka det hardt på døra.
Eg som sat nærast, vart beden om å opne.
Utanfor stod ein kraftig, raudmussa vandrar under ein kjempestor sekk.
Om her var ei seng ledig for natta? var spørsmålet på tysk.
Og han var heldig, På vårt rom var der ei ledig seng, så han vart ynskt velkomen inn.
Det var Ude.

Condom

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar