tirsdag 23. juni 2009

Miramont-Sensacq. 11.juni 2009

Vi fekk litt vegleiing før vi forlet Aire-sur-l'Adour.
Etter nokre kilometer ville vi kome fram til eit oppdemt vatn.
Då skulle vi velge slik, sa verten, og teikna opp i vandrarboka vår.

Vi kom til vatnet. Men kartet i boka viste ein snarare veg, og eg førde oss inn på den.
Vi kom ikkje langt før eit fransk par stogga oss.
No, No, feil veg. Gå attende.
Godt der er nokre som fylgjer med framandfolk.
Etter det prøvde vi oss ikkje på noko slags snarvegar utanfor den merka pilegrimsvegen.

Vi kom fram til Miramont-Sensacq etter omlag 5t vandring,og tok inn på den kommunale giten.
Resten av dagen vart å slappe av. Landsbyen er ikkje stor. Ein har sett det meste på 10 min.
Været i dag har vore overskya. Tendensar til yr når vi starta, men det vart ikkje meir enn det.


Kyrkja ligg på ein liten åstopp ovanfor landsbyen.
Og har ein dominerande nabo.
Landsbyen sitt vasstårn.


Og inne har ho varme fargar.


Ved klårvær skal ein frå kyrkja sjå eit panorama av Pyreneane, men dei er gøymde i dag.


Så istaden for studere dei fjerne fjella, roa vandrarane seg på benken ved kyrkja.


Kva er elles å melde?


Det må vere ein art av meitemark som kan verte lengre enn våre heime. Vi såg ein på vegen som målte to skolengder.


Ellers er våre kvite og raude merke borte. Etter at vi gjekk ut av Gers vart dei erstatta med eit gult merke med eit blått felt i. I det feltet er ei symbolsk kamskjel streka opp.


Vi såg mange type blomster under vandringa.
Nokre var ikkje akkurat små.


Eller eit situasjonsbilde frå pilegrimsvegen.
Tre vandrarar rastar langs vegen, og straks er hunden der: Kan eg få ein godbit, tru?


Eller frå kyrkjgarden. Dei fangar gjerne ein gamal kyrkjeverje si interesse.
Slike familiegraver har ikkje dei kyrkjegardane eg hadde ansvaret for.


Skal tru oss eit stoppskilt som dette, hadde fått lov å stå slik heime?
Vegvesenet hadde nok vore der med si skarpe beitesaks for lenge sidan.
Men vakker var det.


Eller kva med eit krusifiks i vegkanten?
Sjølv om det er ei vissen vegskråning, så har ein kvan prøvt å pynte opp med blomar og små buskar.


Mor Maria får og sitt hus langs vegane.
Ikkje avkristna Norge dette.
Kristendomen er synleg til stades, sjølv om landet ved lov vart sekulært, ved den franske revolusjonen i 1789.

Vi fekk ein triveleg ettermiddag og kveld på giten. Ei hyggeleg vertinne og ein triveleg hjelpesmann. Vi hadde tinga oss middag, og godt var det, for her var det ikkje mykje å få kjøpt. Torbjørg og Bodil rista på hovudet etter å ha vitja den lokale kjøpmannen.
Utanom oss 4 + vertskapet var der ei ung fransk gjente, Anne, som vi møtte første gong i Nogano,og ein sveitsar.


Men attende til middagen. Den starta med ein aperetif + “salte“ chips, så gjekk vi til bords. Først ei grønsaksuppe (potet, gulrot, nepe, purre m.m.)
Deretter ein omelett med pastaskruar, potet, skinke, smør og brød.
Måltidet vart avslutta med ost av ulikt slag, og eit eple.

Under måltidet gjekk praten på fransk, engelsk og norsk om landskapet vi er i , lokal hisorie, pilegrimsvegen vidare og mykje meir. Sveitsaren prate godt engelsk, den franske gjenta leita litt meir , men vi fekk vite at kong Karl Johan var frå dette distriktet, det gamle Bearne. Det same var Henrik 3, konge av Bearne, protestant (hugenott), men då han fekk høve til å verte fransk konge, gjekk han over til katolisismen, og det utløyste i sin tur Bartelomeusnatta, natta då dei franske protestantane, hugenottane, vart myrda av mobben. Og mange av dei som overlevde, rømde til England og Tyskland. Nokre kom også til Norge.

Og oppvaskmaskin var ikkje innstalert her heller, så oppvasken tok pilegrimane seg av.
Ein går tidleg til sengs etter pilegrimsvegen, så 21.30 var vi komne i seng.




Ikkje lenge etter Aire-sur-l`Adour kom vi inn i regionen Pyrénées-Atlantiques.
Den siste regionen vi går gjennom i Frankrike.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar