lørdag 6. juni 2009

Kveld i Mirradoux 3.juni 2009

Opphaveleg var vi tenkt å gå 22 km til Castet-Arroy. Men sidan varmen tok på, fekk Torbjørg ein kafevert i St.Antoine til å tinge oss rom hos madam Thereze i Mirradoux.
Dit var det 18 km. Det vart sagt å vere godt over 30gr+ i skuggen denne dagen.
Sidan vi hadde god tid, tok vi siesta under eit kastanjetre i Flammarens.


Vel framme hod Mm Thereze, forstod vi at dette nok kom til å verte noko ulikt det vi før har opplevd under våre vandringar.


Torbjørg og Leif hamna på rom med 5 senger. Bodil og eg på eit med 2, av dei ei dobbelseng. Men først måtte madam tøme sengene for tørr klesvask.
Veggane var dekorerte med ei mengd plakatar og bilete. (Huset hadde kanskje passa til eit TV-program der hovedsaka er rydding.)


Madam tok igrunnen ikkje imot førehandstinging, og ho var "religiøs" sa kafeverten. Kva no det måtte bety? Var det ei åtvaring?
Ho hadde heller ikkje faste takstar. Kvar fekk legge igjen det han syntest opphaldet var verdt. Madam ville heller ikkje vite kva vi betalte.
Det viste seg at denne kvelden og natta var vi 2 canadiske, 2 austerrikarar, 1 tysk, 1 sveitsar, 1 frå Australia/Sveits og 4 norske. Ingen franske utanom madam.

Vi hadde ein liten tur inn i byen før middag, for å vitje kyrkja. Den var stor, men trong sterkt til ei totalrenovering. Ho var nedsliten.



Kl.19.00 var det middag, og då viste madam seg å vere ei frisk dame. Ho hadde vore sjukepleiar, men ved eit tilfelle vart ho spurd om å huse ein pilegrim.
Det endra livet hennar. No såg ho det som si oppgåve å hjelpe pilegrimane med husrom og mat. No var ho 71 år, og dreiv det åleine.


Det stod at vi skulle ete med familien, men madam var oppteken av å lage mat til alle sine gjester. Så ho fekk ikkje mykje matro.
Men ho baud oss velkomne med heva glas, nokre velkomstord på fransk, og med å synge vandringssongen; Ultreia.

Første rett var svinepatè med oliven og kvitløk, så grønsalat. Så kom kylling og kalkun. Til slutt ost av ulikt slag. Desserten var sjølvplukk av moreller i hagen. Som var heilt overgrodd.
Gjennom måltidet gjekk ho til og frå med nye rettar, samstundes som ho underheldt med historier, spøk og song. Og når ein kvan tok bilete av henne, slo ho verkeleg ut håret.
Ein av austerrikarane jodla ein song til henne, og då kom ei flaske med lokal sterkdrykk på bordet (Armagnac), og alle måtte smake, også dei som aldri hadde prøvt det før.


Etter måltidet var dugnad på oppvasken.


Men Torbjørg vart kapra av ei tysk kvinne, som ynskte å lære seg tonen på ein svensk song. Orda kunne ho frå før. Ein sveitsar var ivrig deltakar i undervisninga.







Så var det tid for stempling av pilegrimspassa, ei heil seanse berre det. Sveitsaren sørga for at denne vandraren vart skikkeleg stempla. Ikkje i pilegrimspasset, men på blanke skallen. Noko som vart behørig komentert og fotografert.


Mirradoux


Vi er komne inn i regionen Gers.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar