mandag 20. april 2009

Ut på landsbygda.

Så er vi på veg.
Vi må få ha Jakob med oss på eit bilete, før vi forlet gatene.

Men lenger oppe i bakkane vert det eit nytt høve. Denne gongen ved eit større eksemplar av apostelen.

Bak oss ligg bakkane opp frå Le Puy, og vi får det siste glimtet av byen nede i dalbotnen.


Snart flatar vegen ut. Vi er oppe på åsen, og vandrar i eit jordbrukslandskap med små, sjarmerande landsbyar.
Her i utkanten av La Roche.


Det er ikkje fritt eg kjenner på spenninga med å vandre i eit ukjent landskap. Og det skal eg gjer i mange dagar.
Utan kart.
Med berre desse raude og kvite merka til å fortelje kvar pilegrimsvegen går.

Etter timar dukkar den første småbyen opp. Det er St-Christophe-sur-Dolaison.
Moderne og nyare busetnad, men bak torget ligg den gamle middelalderkyrkja. Tung og traust. Både ute og inne.


Ved kyrkja står den store smijarnkrossen, og bak på torget, statua av den franske frontsoldaten. Minnet over dei som fall for fedrelandet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar