onsdag 29. april 2009

Siesta under furuer

Det vart ei varm vandring mot Aumont-Aubrac.


Inne i eit skogholt kom vi over nokre enkle hytter. Men etter nærare undersøking, kom vi til at det var best å gå vidare.

Vegen kan synest utan ende når han ligg der, open under sola sine strålar, og trea sine skuggar er få.


Etter å ha svetta oss over ein ås, kom vi ned til landsbyen Les Estrets.
No skal det smake med ein kaffikopp. Men nei, her var det ingen serveringsstad lenger.
På eit termometer ved eit herberge les vi +26C. Om kvelden fekk vi høyre at det nok hadde vore over 30.

Men oppe i neste ås var der ein liten furuskog ved vegen, og der var ingen piggtråd som hindra oss i å søkje ly for sola. Så då var det klart for ein liten lur i skuggen.


Og vi var ikkje åleine. Nye medvandrar dukkar opp, andre forsvinn ut.
Her møter vi franske Marie første gong, og vi fylgjest i fleire dagar, medan canadiske Martine er borte.

Men alt har ein ende. Også ei god rast i skuggen.
Vegen kallar.


Det er enno langt fram til herberget.

I eit vegkryss står ein steinkross.
Denne av nokså ny årgang.
Og Leif prøver seg på å omsette dei franske orda.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar