onsdag 22. april 2009

Morgon 24.august 2007.


Etter alle netter kjem det ein morgon. Vi vakna opp med morgonskodde mellom åssidene.
Høgt oppe såg vi den gamle borga i Rochegude teikne sin profil mot den grå himmelen. Turen ned i går vert fylgd av ei klatring same høgde-meterane opp denne morgonen.


Pilegrimsvegen fylgjer asfaltvegen første kilometerane opp lia.


Snart kan vi sjå attende på Monistrol ved Allier-elva langt under oss.

Fjellområdet vi går i, Massif Central, er eit vakkert landskap.
Pilegrimsvegen byd på stendigt nytt landskap, frå dei djupe dalane, til lange åsryggar med frodig skog og landbruksområde, til vide og nakne fjellområde med vidt utsyn.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar