mandag 20. april 2009

Kvinna i Le Puy. 22.august 2007


Det tidleg onsdag morgon. Vi er på veg opp dei smale gatene mot katedralen til pilegrimsmesse.
Kvelden før hadde vi vore ute og orientert oss om vegen til kyrkja. Som ligg på toppen av ein lang, bratt, bakke med eit felt mørk lavastein i midten.

Klokka er 6.30, og det er stilt i gatene, berre ein og annan bil rullar forbi.
På eit gatehjørne kjem det ei kvinne opp ei anna gate og passerar oss.
Vi kjenner oss ikkje heilt att men går på. I eit nytt kryss står det eit skilt som viser mot katedral syd og nord.

Etter litt diskusjon vel vi å gå i retning syd.
Kvinna har stansa opp litt framfor oss, står og ser nedover gata som om ho ventar på nokon. Men då vi har passert henne, kjem ho og går forbi oss.
No er vi klar over at her har vi ikkje vore før.

På eit gatehjørne litt lenger oppe i bakken har kvinna stansa og står og ventar.
Då vi nærmar oss, rundar ho gatehjørnet og vert borte.
På hjørnet ser vi ei gate lik den som fører opp til hoveinngangen på katedralen, men denne er smalare. Kanskje denne også fører til katedralen? Det er verdt eit forsøk sjølv om tida for å nå messa kl.7 held på å renne ut for oss.

Etter å ha runda endå eit hjørne oppe i bakken, ser vi katedralen framfor oss, men vi er på baksida og der er berre ein stor og mørk vegg og inga dør inn i kyrkja.


Vegen vi er på fører vidare opp mot den store madonnaskikkelsen som står på berget over Le Puy.
Men fram mot byen er der ei opning mellom katedralen og nabohuset.

Opninga fører oss fram på ein liten plass i eit hjørne av kyrkja. I veggen er der ei dør med liten benk ved sida, og her sit kvinna.
Eg går inn døra og kjem inn i ein liten mørk gang. Der finn eg endå ei dør, men den er låst.

Ja vel, då står vi der. Skal vi gå attende for å finne hovudinngangen?
I så fall vert vi for seine til messa.
Då ser vi at kvinna reiser seg og går inn i den vesle gangen og vert borte.
Då må der vere endå ei dør, og den finn vi.
Vi kjem inn i eit sidekapell i katedralen og derifrå vidare inn i skipet..

Der var ikkje mange der då vi kom inn, nokre nonner og prestar held på å førebu messa, og nokre få pilegrimar er der, men kvinna er ikkje mellom dei, og vi såg henne aldri meir.

Etter kvart kjem der mange pilegrimar.
Biskopen talar på fransk.
Etterpå må vi presentere oss med kva land vi kjem frå, og får kvar vår rosenkrans i blå plast.
Og så får vi kjøpe våre pilegrimspass, og vi er klar for vandringa mot sørvest.

Etter messa er det attende til pilegrimshospitset for frukost i bakhagen.

Det er vi og nokre tyske, som går i årlege etapper frå Geneve, som er deler frukosten denne morgonen.
No er dei ferdige med året si etappe, og skal reise heim.


Vi tok oss tid til ein tur opp til den store madonna-statua på lavafjellet bak katedralen. Madonnaen ber namnet Notre-Dame de la France.
Det er lange trapper opp, men vi får eit flott utsyn over byen og omlandet.

Madonnaen er laga av omstøypte kanoner frå Krim-krigen, og den er hol innvendig.

Bodil og Leif klatrar opp for å få eit enno betre utsyn. Og for å ha gjort det. Trur eg.

Litt lenger borte i byen, ragar endå ein lavaskorstein opp. Oppe på den står det ei gamal kyrkje, vigsla til St. Michael.


Våpenskjold er også ei av mine interesser, eg tek derfor med våpenskjolda til byar, distrikt og regionar langs vegen vi skal gå.




Le Puy-en-Velay



Byen i ligg i Haute-Loire distriktet






Og i regionen Midi-Pyrénées

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar