onsdag 22. april 2009

Saugues 24.august 2007

Etter ei vandring over åsen kjem vi fram av skogen, og framfor oss ligg Saugues nede på sletta.

Området her er kjent for det berykta ulveliknande uhyret som herja her i tre år frå 1764.
210 menneske vart angrepne av uhyret, av dei vart 113 funne drepne og delvis etne, av desse var flest born og kvinner. 49 kom frå angrepet med til dels store sår.

Store styrkar var sett inn i jakta på udyret, men dei lukkast ikkje i å finne det, og etter 1767 forsvann det.

Vårt minne frå Saugues er nok ein pizza.
Vi kom der i middagstid og fann ein liten pizzabar. Det stod Pizza Norvegiane på menyen, og då måtte den sjølvsagt smakast.

Vel, det vart ikkje etter forventinga. Nokre få bitar med laks var det "norvegiane"

Byen hadde fleire store, utskorne trefigurar.
På veg ut av byen møter vi først ein underleg figur som vegvisar. Skulle tru det var eit vette frå våre eigne skogar.

Men også Jakob er der og viser kvar vegen vidare går.




Saugues

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar