onsdag 22. april 2009

Eau! Vatn! Sikkert vatn!


Vatn er viktig når ein er vandrar. Og langs pilegrimsvegen er det med jamne mellomrom vasspostar der ein kan fylle opp sine vassflasker med nytt og kaldt vatn.
Ikkje alle vasspostar bør ein likevel nytte seg av. Vatnet i dei kan innhalde forureiningar. Derfor er vasspostane merka med Non potable eller Eau potable. Ikkje drikkande eller drikkande.


Ein av våre varme vandredagar kom vi fram til eit vakkert parkområde med store skuggefulle furutre.
Inne på område var der oppmura ei fontene. I sokkelen kom der ut to strålar med kaldt, friskt vatn.

Dette vatnet måtte vere kjendt for å vere av særs god kvalitet, for mange kom køyrande med kanner for å fylle vatn på.
Men då vi tok fontena i nærare augnesyn, såg vi at øvst i fontena var der ei nisje, og inne i nisje stod der ei heilagstatue.
Det var Sankt Roch som vakta vatnet for dei vegfarande.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar