fredag 24. april 2009

Sko eller sandalar.

På veg ned ein bakke under vandringa i 2008, passerte vi eit anna par. Dei gjekk i solide vandringssko. Bodil og eg hadde sandalar på føtene.
Han ser på oss, slår staven mot sine eigne sko, og seier:
"Dette er sko å gå i." underforstått, sandalar er ikkje brukande til vandring.

Men vår erfaring er det motsette.
Bodil har gått med sandalar heile tida under vandringane våre, både i 2007 og 2008. Eg har nok også brukt lette, lave goretex-sko når eg syntest underlaget kravde litt meir solide sko.

Det vi har fått igjen ved å bruke sandalar er tørre føter og ikkje eit einaste gnagsår.
Adelgunde hadde same erfaringa. Ho brukte også berre sandalar, men ho hevda at oversida av solen (under foten) måtte vere av skinn.
Og det er vel mi erfaring og.
Skinn samlar ikkje opp fukt, men det gjer desse moderne solane i kunststoff. Bakdelen med sandalar kan vere at føtene ikkje har like god støtte.
Ein må vere litt meir bevist på kvar ein set foten.

Eg har og prøvt sandalar under vandring her heime.
I 2006 var eg med på opningvandringa av pilegrimsvegen gjennom Valdres, og då brukte eg og sandalar på mykje av vandringa. Og erfaringa var positiv.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar