onsdag 29. april 2009

Over høgsletta (1) 27.august 2007

Våre franske vener ved bordet i Aumont-Aubrac fortalde at målet for neste dags vandring var Nasbinals. Dit var det 26 km, men det var over høgsletta der det ville vere lite skugge å finne. Og morgondagen teikna til å verte ein varm dag.
Klarer vi det?
Klart de gjer, var dei oppmuntrande orda vi fekk.
Vi bestemte oss for å prøve, men ville stogge 3 km før, hos La Maison de Rosalie i Montgros, Der var dei kjende for sin gode mat.
Men først tok eg ei lita gransking av kva høgdeprofil strekninga hadde.


Men proviant for dagen måtte vi ha, og sjølv om det var mandag, fann vi ein open butikk med det vi trong.
Og ein liten morgontur inn i kyrkja. Ho var berre så vidt opna, for vi var tidleg ute denne morgonen.



Det går jamt oppover.
Aumont-Aubrac ligg på 1050 m.o.h, og i Montgros skal vi vere oppe i 1234 m.
Litt skog gir skugge, men for det meste er det eit ope og vidt landskap og med gode vandrarstiar.

Etter 4 km dukkar ein landsby opp. Det er La Chaze-de-Peyre.
Det første vi møter er ein fint stelt gravlund.
Her kan dei ikkje bruke mykje pengar på grasslått. Det må halde med litt ugrassprøyting eit par gongar i året.


Landsbyen er ikkje stor, men kyrkja er stor, der ho står innklemt mellom vanlege bustadar.


Vel oppe på høgda etter Aumont-Aubrac møtest to vegar i eit kryss, og midt i krysset ligg ei lita, fredeleg kyrkje. Chapelle de Bastide.
Vi nyttar høvet til ei lita morgonandakt i det vakre kyrkjeromet. Det er ikkje mange kyrkjer i heimlandet som fungar som ei rundkøyringsøy.



Vi kjem ut i eit trelaust heilandskap. Vide og opne vidder.
Lett å gå, men det er varmt nok i sola.



Etter 16 km er vi framme i Finieyrols. Bygda er tydeleg stolt av sin store son, Louis Dalle, som Leiv Arne Grimstad fortel om i boka si.


Louis Dalle var katolsk prest. Han hamna i Buchenwald under krigen, og etter krigen reiste han til Peru som prest og misjonær hos den indianske befolkninga.
Høgt vyrd som ein indianar mellom indianarar.

Vi rastar under skuggefulle tre ved det offentlege toalettet.
Det har som mange toalett langs vegen, berre eit hol i golvet.
Stakkars den som har vonde bein eller dårleg rygg.
Men huset er godt signa. Det har kors på taket.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar