onsdag 22. april 2009

St. Roch


St. Roch var ein av dei vi møtte ofte under vandringa. Kyrkjer og vasskjelder var vigsla han. Og vi møtte han ofte i form av ei heilagstatue. Då stod han der med kjortelen dregen opp over eine foten, og på foten viste det eit sår. Og ved sida hans stod der alltid ein hund med eit brød i munnen.
Han var fødd i Montpellier i 1295 som son av byguvenøren. Han vart fødd med eit raudt merke på bringa, forma som ein kross. Då foreldra døydde, byrja han å dele ut formua til dei fatige. Dette likte ikkje onkelen, og drog han for retten. Han forlet då heimbyen for å gå som pilegrim til Roma. Undervegs i ein pestråka by, bestemte han seg for å vie seg til omsorg for dei pestråka, og å lækje dei ved hjelp av krossmerket på bringa si. Og pesten forlet dei. Seinare vitja han mange pestråka byar, og dei sjuke vart friske i kraft av krossen på bringa hans. Men i Piacenza vart han sjølv råka av pesten, og då drog han seg inn i ein skog for å vere for seg sjølv. Ein mann som heitte Gothard såg om han der. Kanskje det var her hunden kom inn i biletet. Då han var frisk gjekk han attende til heimbyen. Der vart han skulda for å vere spion og vart kasta i fengsel. Der døydde han i 1327. Men sjølv etter sin død kunne han lækje pest når folket gjekk i forbøn hos han.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar