tirsdag 21. april 2009

Natt i Montbonnet

Eit stykke før vi nådde vårt nattkvarter, låg der eit gamalt La Roch kapell.
Lågt og mørkt. Mørke steinveggar utan vindauge.
Ein liten klokkevegg i korenden, og ei open dør inn i andre enden.
Vi sette av oss sekkane og steig inn døra.
Mange blomster framme ved koret, og på fremste benken sit ein skikkelse, kledd i svart frå hovudet og ned, så langt vi ser.
Det fell daglys inn i koret frå eit par små vindauge der framme.
Stille sit skikkelsen der. Vi kan ikkje sjå noka rørsle.

Vi vert verande ved inngangsdøra.
Kven og kva er dette?
Andre kjem inn, og vert som vi, verande bak ved døra.
Personen der framme får vere i si eiga stille verd.
Er det i sorg?
Til slutt forlet vi stille kapellet.

Det merkast at det var uvant å gå ein heil dag. Vi var trøytte då vi kom fram til Montbonnet ut på ettermiddagen den 22.august. Men så hadde vi og, før vi starta vandringa, hatt ein liten klatretur opp til madonnaen på fjellet over katedralen.
På dette biletet ser vi attende frå Montbonnet mot Le Puy, under dei blå fjella lengst borte.

Vi hadde tinga oss husrom på eit Gite de France.
Vi var ikkje mange tilstades.
Vi var av dei som hadde tinga oss middag.
Eit par unge jenter og ei kvinne på vår alder laga maten sin sjølve.

Ut på kvelden var det tid for søvn. Soveroma låg oppe i andre etasje.
Vi delte rom med lange Michael og denne kvinna.
Ho var komen i soveposen då eg kom inn på romet for å gå til ro for natta.
Litt seinare kom dei fire andre.

Det vert gjerne litt uro når ein skal gjer seg klar for natta, og litt småprat.
Med eit byrjar vi å høyre lydar borte frå henne som gjekk først til ro.
Song, som om ho syng i søvne.
Litt stakato og usamanhengande. Men songen var grei.
Det var - Vår Gud han er så fast ei borg - på tysk.

Det høyrest litt knising frå dei andre.
Meir song.
Så kjem der ord - usamanhengande setningar på tysk - fransk.
Orda gjer at eg kjenner meg plassert i eit tyske fangeleger.
Meir song - meir ord.

Dei andre er komne i soveposane og lyset vert sløkt.
Då kjem avslutninga.
Viel dank. Mange takk.

Eg vert liggande og undre meg.
Var det i søvne ?
Eller - var det eit skodespel?

Eg endar opp med det siste.
Kvinna var vaken og spelte skodespel for oss.

Morgonen kjem.
Når vi kjem ned er ho snart ferdig med frukosten.
Ho pakkar saman sakene sine og går ut for å gjer seg klar til vandringa.

Vi er og ferdige for å gå.
Ho går føre oss ut av Montbonnet, men er raskare enn vi og vert borte i skogen lenger framme.


Her i Montbonnet møtte vi nokre av dei vi kom til å halde fylgje med heilt fram til Conques.
Det var den lange Michael, og to venniner som gjekk saman, Adelgunde og Marianne. Alle tre tyske.
Første dagen gjekk vi 16 km.
Le Puy låg på 628 m.o.h. og så steig det til 1100 m.o.h i Montbonnet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar