onsdag 29. april 2009

Sauvage 25.august 2007


Det regna når vi kom til Le Falzet, men vi vakna til klår, blå, himmel.
I dag skal vi gå til St-Alban-sur-Limagnole. Dit er det 24 km.
Og vi starta godt.
I eit vegkryss oversåg vi merka og tok feil veg. Det vart eit par kilometer fram før ein bilist gjorde oss merksame at vi gjekk feil.


Sola varma godt etter kvart, og då landsbyen Chanaleilles, på andre sida av elva og dalen, frista med butikk og kafè så let vi oss overtale.

Men etter ei stund kalla vegen igjen. Etter nokre lange motbakkar i sola kom vi opp i eit parti med skuggefull skog før dei graskledde viddene ved det gamle pilegrimshospitset Le Sauvage dukka opp.


Dagen var varm. Det var alt timar sidan vi forlet kafèen i Chanaleilles.
Det var tid for ny rast.
Rett føre vegen kom til Le Sauvage gjekk der nokre hestar på beite på innmarka, og vi slo oss ned i solsteiken på utsida av gjerdet.



Det var tempelriddararane som på 1300-talet bygde dei kraftige granitbygningane ute i villmarka. Sauvage tyder villmark. 1292 m.o.h.
I dag er det fylket som har eigedomen, og driv den. Mellom anna som pilegrimsherberge.



Så ligg Le Sauvage bak oss.
Villmark tydde namnet, og vi vandrar vidare gjennom vide skogar, som for oss synest å ha lite busetnad.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar