mandag 20. april 2009

Den svarte madonna. 22.august 2007


Le Puy-en-Valey var ein sentral biskopby i middelalderens Frankrike, men har ei historie som går attende til det førromerske Gallia.

Byen har vore ein sentral pilegrimsstad frå middelalderen. Og den gjer krav på å vere den eldste av heilagstadane i verda som er tileigna Jomfru Maria.
Då Louis 9. passerte her på veg frå Det heilage landet, hadde han med ei gåve til katedralen. Det var ein elfenbeinsskulptur av Jomfru Maria. Figuren var kledd i gullbrokade, men kvinna var svart.
Den var ei av mange høgakta ”Svarte jomfruene” i kyrkjene rundt om i Europa.

Statuetten fekk ein hard skjebne under den franske revolusjonen. Den vart av mobben halshogd i giljotinen og brend på bålet.
Men i 1802 vart det laga ein kopi av statuetten, og denne er i dag plassert over høgalteret i katedralen.

Snart tre veker etter Le Puy, på klosterberget Montserrat ved Barcelona, møtte eg ei anna ”Svart Madonna”, denne gongen ei undergjerande utgåve.
I klosterkyrkja der, er ho plassert i ei nisje høgt oppe på veggen over høgalteret, og der var ein jamn straum av menneske opp på galleriet for å kunne røre ved den svarte madonnaen, trass i at det samstundes var messe i kyrkjeromet.

Og at ho var undergjerande såg vi mange synlege bevis på i form av votivgåver, takkegåver, både i klosterkyrkja og i ei anna kyrkje, grottekyrkja, fleire hundre meter borte i bratte fjellveggen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar