fredag 24. april 2009

Kva ber vi på?

Det er morgon og eg er på veg til morgonmat.
Adelgunde har overnatta på ei seng i fellesromet, og no er ho klar forein ny dag på vegen. På senga ligg sekken hennar, men han er då så liten!
"Har du ikkje større sekk?"
" Nei, eg har alt eg treng."
"Kor mykje veg sekken din då?"
Eg tenkjer på min eigen sekk som nok veg sine 12-14 kg.
"Han vog 6 kilo då eg drog heimanfrå"
På mitt spørsmål kor ho har klart å få ein så lett sekk, får eg ei rask innføring.

Ei natt seinare held tankane mine meg våken. Og det er sekken som er årsaka.
Kva har eg med meg som eg trygt kunne ha lagt att heime?

Spørsmålet er kanskje eit som dei fleste vandrarar tumlar med.
Og som ein før sekken vert pakka til neste vandring, går igjennom på nytt.

Men natta sine tankar førde meg inn på eit nytt spor.
Kva er det vi ber på, inne i oss.
Bører som vi kunne lagt frå oss. Bører som slit oss ut.
Bører som bitt oss faste, gjer oss ufrie.

Som "prest" kunne eg ha peika på Jesus og det vi får i trua på hans nåde.
Eg fekk legge mykje frå meg den dagen den vegen vart sanning for meg.
Men eg veit likevel av eiga erfaring at det er ikkje alltidt så enkelt.
Også truande har vanskar med den mentale sekken, vanskar med å legge vekk "unødvendig baggasje".
Men, du verda, kor mykje lettare det er å vandre med ein lett sekk.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar