fredag 24. april 2009

Tankar om mi vakre heimekyrkje - . april 2009

Ørsta kyrkje er ei vakker kyrkja, og ho ligg fint til på kyrkjebakken, midt i bygda. I år er ho 145 år gamal.

Før det låg der ei gamal stavkyrkje like ved, men den vart teken ned då den nye vart reist.
Den gamle stavkyrkja bar i eit skrift frå 1300-talet, namnet; Kross kirche i Ærst. Krosskyrkja i Ørsta. Namnet kan tyde på at kyrkja var vigsla til den heilage krossen. Ho var dessutan ei krosskyrkja i utskjånad.

Frå denne gamle kyrkja kjem også alterskåpet i noverande kyrkje.
Hovedmotivet i dette skåpet, med dørene opne, er Jesus på krossen.
Protestantismen tona før ned det som kunne tolkast som katolsk.
Kanskje var det derfor namnet; Krosskyrkja i Ørsta forsvann ut av bruk.

Men treng det vere borte for alltid?
Hadde det ikkje vore fint å ta opp at dette namnet igjen og gi kyrkja namnet: Krosskyrkja i Ørsta. Gjerne med ei nyvigsling av kyrkja til Den heilage Krossen.

Vindauga i kyrkja er pryda med vakre glasmedaljonar med motiv frå Jesus sine likningar. Men koret manglar vindauge, og er litt mørkt.
Tidlegare var her to vindauge i koret, eit på veggen bak alteret, og eit på høgre sida.
Alterskapet har som nemnt innvendig, bilde frå Jesu lidingssoge. Men når dørene er attletne, er det engelen Gabriel som kjem med bod til Maria vi ser.
Så her har vi starten med inkarnasjonen og avslutninga med Jesus si liding og død. Men fullendinga manglar.
Oppstoda.
Tenk om ein kunne gjenopne vindauget bak alteret og få inn eit glasmåleri/ glasmedaljon av oppstoda, over alterskapet.

I tillegg kunne ein kanskje gjenopne også vindauget på høgre sida i koret, og setje inn glasmåleriet av Maria og barnet, som opphaveleg var i prestesakrestiet, men som no er gøymt på kyrkjetenarkontoret i kyrkjekjellaren.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar