Det er mange måtar å ta ferieturen på. Å gå på pilegrimsveg er ein av dei.
21. august 2007 tok 2 Ørsta-ektepar ut på pilegrimsferd gjennom sydvestlige Frankrike.
For å kome dit var det nattbuss til Gardemoen, fly til Paris, buss inn til jarnbanestasjonen Gare de Lyon, der fekk vi i all hast fekk kjøpt oss billettar til siste togstrekket fram til Le Puy. Billettar til toget frå Paris til Lyon og St.Etienne hadde vi alt kjøpt heime.
Så var det berre å finne seg plass på lyntoget til Lyon.
Og plass fann vi i andre høgda, så vi hadde godt utsyn på turen sydover.
Blå himmel i starten, men til lenger syd vi kom, til gråare vart det. Og i Lyon lynte og tora det, og regnet hylja ned.
Dette teikna for å verte ein våt start.
Så rulla toget vidare opp i fjella mot St. Etienne, og til lenger vest vi kom, til betre vart været.
Togskift i St. Etienne. Over på eit gamalt lokaltog.
Vel framme i Le Puy-en-Velay skein sola.
Vi hadde tinga oss hus ved pilegrimsvegen ut av byen.
Det såg fint ut på internett, men det viste seg vere gamalt og nedslite.
Det var under oppussing, så det kan verte bra om nokre år.
Le Puy-en-Velay
Det er fire hovedpilgrimsvegar i Frankrike. Vår veg som går frå Le Puy-en-Velay er den eldste, og mest brukte av dei. Den har fleire namn. Via Podiensis er eit av dei. Vegen er samstundes ein del av eit større europeisk nett av vandrarvegar, og som det har den namnet GR 65.
Det var hareidingen Leiv Arne Grimstad som gav oss lyst til å gå vegen. Han og kona vandra frå Le Puy til St-Jean-Pied-de-Port ved foten av Pyreneane i løpet av to sommarferiar, og etterpå skreiv han boka ”Pilegrim i Frankenland”
Då vi om føremiddagen 22.august tok på oss sekkane og byrja gå opp og ut frå Le Puy, så var det apostelen Jakob som var vår usynlege fylgjesvein. Vel heilt usynleg var han ikkje. Han var med oss heile vegen. Vi møtte han igjen med jamne mellomrom under vandringa vår som bilete eller statuer i kyrkjer og i vegkryss.
Kven var så denne Jakob? Han var den første av Jesus sine læresveinar som møtte martyriet i Jerusalem. Legendene fortel at etter hans død vart han av sine læresveinar førd ned til kysten og lagd i ein båt.
Vind, straum og englar førde så båten til Galiciakysten vest i Spania, og der vart han av englane gravlagt. Ei legende seier at han vard førd til Spania i ei stor kamskjel. Kamskjela er derfor også eit pilegrimssymbol.
I den tida då kampane for å jaga maurarane ut av Spania rasa, vart grava gjenoppdaga. Over Jakob si grav vart så katedralen på stjernemarkene reist, det som i dag Santiago de Compostelle. Der endar vår Jakobsveg etter 153 mil. Men vårt mål er nærare, ein liten by som heiter Conques, 20 mil mot sørvest.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar