onsdag 22. april 2009

Skal vi gå uten kart?




Det er ein ting å sjå kvar pilegrimsvegen går på eit stort kart, men vi må vel ha noke meir detaljert?
Vi får prøve å få oss kart når vi kjem til Frankrike. Og vi fann kart i katedralen i Le Puy etter pilegrimsmessa var ferdig, men det var for tidleg. Nonna som hadde lov å selje det til oss, var ikkje koma.

Vel, kva då? Framfor oss låg eit heilt ukjent landskap.
Ei kvinne vi hadde treft i byen, fortalde at ho var ei av de som arbeidde med å merke vegen, det var berre å gå etter merka, så ville vi kome fram.

Og det gjorde vi.
Vi gjekk etter merka, dei kvite og raude merka.
Nokre få gongar var vi uoppmerksomme og gjekk feil. Då var det å gå attende til vi fann merka igjen.

Paralell raud og kvit strek - gå rett fram.
Kvit og raud strek i kryss - gå ikkje her
Kvit strek opp som svingar 90 grader til høgre eller venstre,og som då vert paralell kvit/raud/kvit strek - sving i retning vist.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar